Snohomish County er eit fylke nordvest i den USA-amerikanske delstaten Washington, aust om Puget Sound. Fylket vart grunnlagt i 1861 og har eit flatemål på 5 690 km². Fylkesadministrasjonen held til i byen Everett.

Om lag 830 000 personar bur i fylket, som er del av storbyområdet Seattle. I fylgje folketeljinga 2000 var 16,2 % av ibuarane i Snohomish av tysk, 10 % av engelsk, 8,8 % av irsk og 8,4 % av norsk opphav.

Fylket har namne etter urfolket snonhomish.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Snohomish County, Washington» frå , den 15. juni 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:County i Washington