Tacoma er ein mellomstor by Pierce County i delstaten Washington i USA. Byen, som har ikring 220 000 ibuarar, ligg ved Puget Sound, 51 km sørvest om Seattle. Tacoma er handelssenter for eit omland med rundt 1 million menneske.

mini|venstre|Luftfoto av Tacoma hamn

Soge Ved å kople jarnbanee frå midtre USA med sjøfarten mot Stillehavskysten, vart Tacoma eit senter for utanrikshandelen i den nordvestre delen av USA. Framleis er Tacoma største hamna i delstaten.

Til liks med dei fleste industribyane i USA gjekk det tilbake med Tacoma frå midt på 1900-talet, mykje grunna utflytting til forstadsområda. Siden 1990-åra har sentrum av Tacoma opplevd ein periode med fornying av bygningsmassen og aktiviteten.

Ålesund er venskapsby med Tacoma.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tacoma, Washington» frå , den 19. juni 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Washington