Ustemd velar frikativ er ein konsonantlyd som finst i ei rekkje språk. Han er kjenneteikna av ustemd uttale, med tungeryggen pressa mot ganeseglet (velar) og gjennom friksjon av utstrøymande luft (frikativ). IPA-koden for lyden er «x» (ein liten latinsk x). På norsk blir lyden transkribert som kh om han finst i ikkje-latinske alfabet (t.d. gresk «χ», kyrillisk «х», arabisk «خ»).
Ustemde velare frikativar finst ikkje på norsk. Døme på lyden i andre språk er: SpråkSkrivemåteDømeArabiskخGreskχΧανιά (Khania)KroatiskhHrvatskaNederlandskch, gGoedendag, chaosPolskh, chchleb («brød»)RussiskхАрхангельск (Arkhangelsk)Skotsk(-gælisk)chLoch NessSpanskjRiojaTsjekkiskchAlfons MuchaTyskchJohann Sebastian Bach På nokre språk utgjer ustemd velar frikativ og ustemd uvular frikativ to allofonar innanfor same fonem, avhengig av m.a. målføre og/eller posisjonen til lyden i høve til andre lydar i same ord.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ustemt velar frikativ» frå , den 24. juni 2021.
Kategori:Konsonantar