mini|Helgenane Nestor og Demetrius til hest. Relieff frå rundt 1062 i St Mikhail-klosteret i Kiev. Russisk kunst er fyrst og fremst ein gjennomgang av kunsthistorie i Russland, og tek for seg biletkunst og skulptur.
Gammalrussisk kunst mini|Mosaikk av erkeengelen Uriel frå 1300-talet Gammalrussisk biletkunst byggar til liks med arkitekturen på bysantinske forbilde. Russarane overtok både mosaikk-kunsten, freskomåleriet og tavle-ikona frå grekarane. Dei eldste bevarte ikona i Russland, som det kjende Guds Moder frå Vladimir frå 1100-talet, er truleg eit reint bysantinsk arbeid. Utsmykkinga av dei eldste russiske kyrkjene føregjekk truleg under leiing av greske meistrar. Greske kunstnarar fortsette å setja preg på russisk biletkunst gjennom heile mellomalderen, men ganske snart byrja òg russiske kunstnarar å gjera seg gjeldande omkring klostera, ved fyrstehoffa og i byar som Novgorod og Pskov.. Fri gjenbruk, CC-BY-SA-3.0.
Mosaikkar frå det gamle Russland finst berre i Kiev. Ifølgje den skriftlege overleveringa skal fleire av kyrkjene i Kiev ha vore smykka med biletsyklusar laga i ein kombinasjon av mosaikkar og freskar.
Freskar mini|Freske av Dionisij i Ferapontovklosteret Freskomåleriet utvikla seg vidare på russisk grunn. Fyrst Vsevolod av Vladimir, som budde i Konstantinopel i ungdommen, inviterte i 1185–89 greske meistrar til å dekorera si Maria Himmelfarts-domkyrkje, medan freskane i Vladimirs Dmitrij-domkyrkja blei utført av både greske og russiske kunstnarar. I Novgorod og Pskov, så vel som i dei omliggande klostera, utvikla det seg ein eigen skule, med tydelege innslag både av konstantinopolitansk kunst og kunst frå dei bysantinske provinsane. Eit eineståande monument over denne tidlege nordrussiske biletkunsten er freskane i Sankt Georg-katedralen i Gamle Ladoga.
I annan halvdel av 1300-talet blomstra freskomåleriet særleg rikt i Novgorod. Påverknaden frå Balkan, frå serbisk og bulgarsk kunst er slåande. Den store meisteren var òg her ein grekar, Feofan Grek. Den oppdrivne ekspresjonismen hans representerer noko ganske eineståande i russisk biletkunst. Dei dramatiske helgenskikkelsane hans står i diametral motsetning til den komtemplative roen og dei harmoniske fargeklangane som pregar ikona til den yngre kollegaen hans, St. Andrej Rubljev. Sistnemnde si framstilling av Den heilage treeininga er eit meisterverk i gammalrussisk ikonkunst, og var retningsgivande for den seinare utviklinga av denne kunstofrma, medan freskane hans i Vladimir og Moskva dannar høgdepunktet i det gammalrussiske monumentalmåleriet. Den andre store målaren på 1400-talet var Dionisij (omkring 1440–1508), som særleg er kjend for freskesyklusen sin i Ferapontovklosteret, ein del av verdsarven.
Skulptur
Bilethoggarkunsten var lite utvikla i det gamle Russland. Frå tida før Ivan III (1462–1505) kjenner ein berre relieff i stein i samband med kyrkjearkitekturen og nokre få rundskulpturer som framstiller dyrefigurar. Ifølgje krønikene fanst det likevel statuar av heidenske gudar i Kiev då byen blei kristna. Den eldste overleverte rundskulpturen av ein menneskeleg skikkelse blei utført av steinhoggaren Vasilij Jermolov (død 1485) på bestilling av Ivan III. Berre overdelen er bevart. Han førestiller hovudet og skuldrene til det som ein gong var ryttarstatuen Sankt Georg i kamp med draken. Utføringa tyder på at Jermolov ikkje kan ha vore utan forgjengarar. Han fekk likevel ingen direkte arvtakarar. På 1500-talet var flatrelieffet dominerande. Men frå dette hundreåret har ein òg bevart rundskulpturer i tre, til dømes ein Paraskeva-Pjatnitsa-figur som no er i Vologda.
Renessanse og barokk mini|portrett|Ikon måla av Simon Usjakov Mot slutten av den gammalrussiske perioden, det vil seia frå slutten av 1500-talet og fram til Peter den store, endra det russisk-bysantinske måleriet karakter under påverknad frå vesteuropeisk renessanse og barokk. Framståande menn lét seg avbilde på såkalla portrett-ikon, trass i forbod frå kyrkja. Den mektige Stroganov-familien bestilte ikonmålarane til å laga små, kunstferdige ikon, meint for individuell kontemplasjon. Fornyaren av ikonmåleriet på 1600-talet, Simon Usjakov (1626–86), søkte etter å skapa eit nytt formspråk for det gamle innhaldet i ikona. Etter oppfatninga hans må inntrykket av det himmelske urbiletet bli større jo naturlegare det er klargjort i kunstnaren si avbilding.
1700- og 1800-talet mini|portrett|Studie av Kristus av Aleksandr Ivanov. Reformene til Peter den store markerte eit brot med den russisk-bysantinske tradisjonen, også i målarkunsten, som utover 1700-talet blei omforma etter vesteuropeiske forbilde. I 1757 blei Det russiske kunstakademiet grunnlagt i St. Petersburg av Ivan Sjuvalov. Det var opphavleg ope for alle gutar med talent. Akademiet byrja senda elevane sine utanlands for å få impulsar på 1830-talet.
Dei fyrste representantane for den nye stilen føretrekte portrettmåleriet. Aleksej Antropov (1716–1795) høyrer til den fyrste generasjonen av russiske portrettmålarar, men ingen av portretta hans i den nye stilen kan måla seg med dei ikona han utførte i seinare år for Sankt Andreas-katedralen i Kiev. Fyrst med neste generasjon fekk Russland målarar som fullt ut beherska teknikken til den nye stilen: Fjodor Rokotov (1735–1808), Dmitrij Levitskij og Vladimir Borovikovskij (1757–1825). Den mest betydelege portrettmålaren frå byrjinga av 1800-talet er Orest Kiprenskij. Den samtidige Aleksej Venetsianov (1780–1847) gjorde sjangermåleri til ei sjølvstendig grein av russisk biletkunst. Italiabileta til Silvester Stsjedrin (1791–1830) er rekna som ein avgjerande etappe i russisk landskapsmåleri.
Det er vanleg å rekna med at historia til russisk skulptur byrja for alvor med Carlo Bartolomeo Rastrelli (1675–1744), far til keisarinne Elisabet sin arkitekt. Den første rektoren for bilethoggarskulen ved Kunstakademiet i St. Petersburg var franskmannen Nicolas-François Gillet (1709–1791), som utdanna den første generasjonen av russiske bilethoggarar. Blant dei høyrer Feodosij Stsjedrin (1751–1825), Fedot Sjubin (1740–1805) og Fjodor Gordejev (1744–1810) til dei best kjende. Felles for dei alle er ein sterk påverknad frå den klassisistiske stilen i samtida og frå klassisk skulptur, som dei lærte å kjenna på italiareisene sine.
Denne bakgrunnen hadde Mikhail Koslovskij (1753–1802), ein av Russlands største bilethoggarar, som har Suvorov-monumentet i St. Petersburg (1799–1801) som hovudverk. Den store hærføraren var for gammal til å bli avbilda i klassisistisk nakenheit, og Koslovskij valde derfor å framstilla Suvorov i skikkelsen til krigsguden Mars, med hjelm og panser. Statuen er den einaste frå denne perioden som kan måla seg med ryttarstatuen av Peter den store, utført av franskmannen Étienne Maurice Falconet for Katarina II og innvigd i 1782. Ivan Martos (1754–1835) representerte ei meir intim side av klassisismen med sine sepulkralskulpturer i den helleniserande stilen som var så populær kring 1800.
Den største russiske målaren frå fyrste halvdel av 1800-talet er Aleksandr Ivanov, som med dei italienske landskapa sine, aktstudiar og religiøse visjonsbilete skapte ein kunst av europeisk format. Dei samfunnssatiriske bilda til Pavel Fedotov (1815–1852) har ei særstilling i russisk målarkunst frå første halvdel av 1800-talet, med ei kritiske haldning som føregrip viktige trekk i kunsten frå 1860-åra. Ein av dei som mottok viktige impulsar frå han var Vasilij Perov (1834–1882), som også er kjend for Dostojevskij-portrettet sitt (1872). Då Kunstakademiet i 1863 sette opp Odin i Valhall som motiv for årets gullmedaljeoppgåve, braut ei gruppe studentar ut i protest mot det dei tolka som eit angrep på realismen og danna si eiga gruppe, dei såkalla Peredvisjniki (Vandrarane). Leiaren for desse var Ivan Kramskoj (1837–1887). Kunsten hans er til liks med verka til Nikolaj Gay prega av moralske problemstillingar. Gay sitt viktigaste arbeid er framstillinga av Kristi lidingsveg.
Klassisismen blei retningsgivande for skulpturutsmykkingane i St. Petersburg og i dei omliggande slottsanlegga, så vel som for portrettbystene. Stilen når faktisk eit høgdepunkt så seint som i 1839 med P.K. Klodt (1805–67) sin fire ynglingar med hestar ved Anitsjkov-brua. Først i annan halvdel av 1800-talet slo ein ny stil igjennom, med skikkelsar framstilt i kvardagsscener frå samtida, først og fremst i skulpturane til Mark Antokolskij (1843–1902), som sidan vende seg til historiske motiv.
mini|portrett|Portrett av Leo Tolstoj (1887) av Ilja Repin.
Leiarskikkelsen for den realistiske skulen i 1870- og 1880-åra var Ilja Repin, som peika seg ut både som portrett-, sjanger- og historiemålar. Den store russiske historiemålaren var likevel Vasilij Surikov. Han klarte å transformera modellane sine til representantar for det gamle Russland, der han rekonstruerte hendingane ved hjelp av historiske kjeldeskrifter. Men med framstillingar som 'Avrettinga av strelitsane' (1881) og 'Fyrstinne Morosova' (1887) overskreid han konvensjonane til realismen og skapte eit symbolsk historiemåleri. Også landskapsmåleriet mottok viktige impulsar frå Surikov. Bakgrunnslandskapa i dei historiske bilda hans betydde mykje for dei reine landskapsmålarane på slutten av hundreåret, mellom anna marinemålaren Ivan Ajvasovskij og Isaak Levitan, lyrikaren blant dei russiske landskapsmålarane.
Kring år 1900 henta Konstantin Korovin (1861–1939) inn fargespelet til impresjonismen i det russiske landskapsmåleriet. Med Mikhail Vrubel (1856–1910) fekk symbolismen i diktinga eit motstykke i målarkunsten. Valentin Serov førte tradisjonane frå 1800-talet over til 1900-talet, i det han makta å kombinera det beste i det gamle med det varige i det nye. Mikhail Nesterov er med dei lyriske visjonane sine av det heilage Russland ein særeigen representant for den nye fordjupinga i den gamle, russisk-bysantinske tradisjonen, som er typisk for tida kring 1900. Det var då russarane oppdaga den estetiske venleiken til gamle ikon, samtidig som dei leiande kunstnarane deira slutta seg til dei nye, avantgardistiske retningane i europeisk målarkunst. Viktor Borisov-Musatov (1870–1905) er ein av dei finaste representantane for denne overgangstida. Under Paris-opphaldet sitt blei han påverka av Puvis de Chavannes, som også fekk tyding for Kusma Petrov-Vodkin.
1900-talet mini|Bru av Anna Ostroumova-Lebedeva frå 1903.
Perioden mellom revolusjonane i 1905 og 1917 var utan samanlikning den mest nyskapande i russisk kunst. Kontakten med fransk og tysk kunst verka inspirerande på russiske målarar. Vasilij Kandinskij var ein av pionerane i denne perioden. Han var med å grunnlegga det abstrakte måleriet.
Etter revolusjonen i 1917 såg det ei tid ut til at den kunstnariske radikalismen skulle få frie tøymer, men etter den politiske og ideologiske tilstramming i 1922 måtte tilhengarane av modernismen forlata landet. Kunsten blei propagandaprega og revolusjonen blei prisa i eit tradisjonelt og etter kvart stivna formspråk. Virket til industriarbeidarane og det kollektive landbruket blei føretrekte motiv.
Kring hundreårsskiftet måtte klassisismen i skulpturen retninga vika for langt friare og breiare modellering hos Pavel (Paolo) Trubetskoj (1866–1938), viss meisterverk er ryttarstatuen av Aleksander 3 (1909). Med Anna Golubkina (1864–1927) orienterte russisk bilethoggarkunst seg i samfunnskritisk retning. I verk som 'Gåande mann' (1912) ser ein korleis ho til liks med læraren sin Auguste Rodin streba etter å modellera eit menneske på overgangen mellom stillstand og rørsle, mellom søvn og vaken tilstand. Det same kan seiast om Aleksandr Matvejev (1878–1960) sin 'Vaknande yngling' frå 1907. I motsetnad til Trubetskoj og Golubkina går han likevel bort frå blaute, «maleriske» materiale som plastilin og leire og føretrekker stein.