mini|Logo ved inngang for varelevering Ås produksjonslab AS er ein norsk legemiddelfabrikk som ligg sentralt i Ås kommune. Han produserer flytande, ikkje-sterile legemiddel, næringsmiddel og kosmetikk etter Forskrift om tilvirkning av legemidler i apotek.
Ås produksjonslab byrja som produksjonsavdelinga ved Ås apotek i 1987. Produksjonsavdelinga blei skild ut frå apoteket i 2003. Deretter blei Serviceproduksjon AS, som er eit eit dotterselskap av Apotekforeninga, eigaren til Ås produksjonslab. Ås produksjonslab blei så kjøpt opp av Curida Holding AS i 2018, og blei ein del av Curida-konsernet.
Ås produksjonslab produserer over 50 ymse produkt på vegner av Serviceproduksjon AS. Ei oversikt over deira produkt er tilgjengeleg på nettstaden til Apotekforeninga.
Kjelder
Kategori:Norske føretak Kategori:Lækjemiddelprodusentar