«Happy Birthday to You», eller berre «Happy Birthday», er ein song tradisjonelt sungen i gebursdagsselskap. I følgje Guinness World Records frå 1998, er songen den mest gjenkjennelege songen på engelsk, etterfølgd av «For He's a Jolly Good Fellow». Teksten til songen er omsett til minst 18 språk.. Melodien til «Happy Birthday to You» kjem frå songen «Good Morning to All», som tradisjonelt er tilskriven dei amerikanske systrene Patty og Mildred J. Hill i 1893,Originally published in as cited by sjølv om dette er omstridd.
Songen er i offentleg eige i USA og EU. Warner Chappell Music har tidlegare gjort krav på opphavsretten til songen i USA og henta inn lisensavgifter for bruken av songen. I 2015 var kravet om opphavsretten erklært ugyldig og Warner Chappell godtok å betale attende 14 millionar USD i lisensavgifter.
Tekst
«Happy birthday to you»
Happy birthday to you Happy birthday to you Happy birthday dear [NAMN] Happy birthday to you.
Personen som har gebursdag vert nemnt der det står «[NAMN]». Den tidlegaste kjende publiseringa av teksten nytta «John» som døme.
Ei norsk omsetjing heiter «Gratulerer med dagen».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Happy Birthday to You» frå , den 10. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Den originale utgåva av Song Stories For The Kindergarten i PDF (offentleg eige). Han inneheld òg songen «Good morning to you».
Kategori:Songar om bursdagar Kategori:Songar om bursdagsfestar Kategori:USA-amerikanske folkeviser