Olena Anatolijivna Antonova () er ein ukrainsk tidlegare diskoskastar frå Nikopol. Ho vann bronsemedaljen i øvinga under Sommar-OL 2008.
Aktiv Antonova forbetra under verdsmeisterskapen 2003 sitt personbeste til 65,90 meter, eit kast som gav henne fjerdeplassen i tevlinga. Den 6. juni 2004 i Kiev presterte ho livbeste med 67,30 meter. To månader seinare kom ho på femteplass (omgjort til fjerdeplass i 2012) under Sommar-OL i Aten. Etter ha vorte nummer fem i Osaka-VM i 2007, lukkast Antonova take ein medalje ved Sommar-OL 2008. Med eit bestekast på 62,59 m vart ho bronsemedaljør, berre Stephanie Brown Trafton frå USA og Yarelis Barrios frå Cuba kasta lengre. Barrios si medalje vart elles annullert i 2016.
Doping Antonova hadde lagt opp då det i 2013, ved retesting av dopingprøva frå VM 2009, vart funne restar av stanozolol i prøvematerialet. Ho vart dømd til 2 års utestenging.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (57,92 m=nr 29) VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (59,62 m=nr 13) EM 1998 i Budapest: Nr 11 – 60,26 m VM 1999 i Sevilla: Nr 7 – 63,61 m OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (60,73 m=nr 13) VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (58,55 m=nr 16) VM 2003 i Paris: Nr 4 – 65,90 m OL 2004 i Aten: Nr 4 – 65,75 m VM 2005 i Helsinki: Nr 8 – 59,37 m VM 2007 i Osaka: Nr 5 – 62,41 m OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 62,59 m VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (54,28 m=nr 33)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olena Antonowa» frå , den 14. juli 2021.
Kategori:Ukrainske diskoskastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Ukraina Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Dopingsaker i friidrett