mini|Luboktrykk av bogatyren Usynja Gorynytsj Bogatyr er ein fast figur i austslaviske legender (bylina, helteepos) frå mellomalderen. Han er mykje lik den vesteuropeiske litterære mellomalderfiguren «vandrande riddar». «богатир» i: Etymologisk ordbok for det ukrainske språk, «Naukova Dumka», Det ukrainske vitenskapsakademi, Kiev 1982 (ukrainsk) «богатырь» i: Vasmers Etymologiske ordbok (russisk) I sogene er bogatyrar særs mektige krigarar som er fulle av mot, og sjeldan bruker magi til å slost mot fiendane sine.

mini|venstre|Krigarheltane Dobrynja Nikititsj (russisk Добрыня Никитич), Ilja Muromets (Илья Муромец) og Aljosja Popovitsj (Алёша Попович) framstilt saman i Viktor Vasnetsov sitt kjende måleri 'Bogatyrane' frå 1898.

Sjølve ordet «bogatyr» (russisk богатырь, gammalaustslavisk богатырь, ukrainsk богатир) er eit lånord som truleg er kome frå persisk via tyrkisk og kan omsetjat med 'helt'. Det russiske ordet богатырь (bogatýr’) er avleidd frå tyrkisk, truleg khazar, frå det gammaltyrkiske bagatur ('helt'), igjen avleidd frå urtyrkisk *bAgatur ('helt'), moglegvis frå uraltaisk mi̯àga ('æra, lovprisa').Han-Woo, Choi (2005): «A Study of the Proto-Turkic tor 'general'» (PDF) i: International Journal of Central Asian Studies, bind 10-11, ISSN 1226-4490, s. 220

Nokre bogatyrar reknar ein med er verkelege historiske personar, medan andre er reine sogeskikkelsar som kan stamma frå gammal slavisk mytologi, til dømes kjempa Svjatogor (Святого́р).

Den sovjetrussiske raude hæren si spisse klaffelue bogatyrka («bogatyrlue») var inspirert av dei spisse krigarhjelmane med ringbrynjekapper som bogatyrane brukte.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bogatyr» frå , den 20. juli 2021.

Kategori:Kievriket Kategori:Russisk kultur Kategori:Slavisk mytologi Kategori:Russiske ord og uttrykk