Sandra Farmer-Patrick, opphavleg Sandra Miller, () er ein tidlegare friidrettsutøvar som representerte Jamaica til 1987, sidan USA. Ho vann sølvmedaljen i 400 meter hekk både under Sommar-OL 1992 og Friidretts-VM 1993.

Aktiv Sandra Farmer sette i VM-finalen 1987 personbeste på langhekken med 54,38 sekund, og var einast sju hundredels sekund attom bronsemedaljøren. Ho var elles med i Jamaica sitt mannskap som vart nummer 6 i 4 x 400 m stafett.

Etter at ho gifta seg med den USA-amerikanske hekkeløparen David Patrick, byrja ho som Farmer-Patrick å representere USA, eit land ho hadde budd i sidan ho var 11 år gammal. Sommaren 1989 sette ho personbeste med sterke 53,37 ved eit stemne i New York. I VM 1991 kneip ho fjerdeplassen i 400 m hekk, eit lite halvsekund bakom bronsevinnaren.

Ved Sommar-OL 1992 i Barcelona tok Farmer-Patrick sølvmedaljen i 400 m hekk, britiske Sally Gunnell vann klart. Under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart sprang Farmer-Patrick sitt livs løp. I langhekk-finalen pressa ho favoritten Sally Gunnell heilt inn til målstreken. Gunnell sette verdsrekord med 52,74 sekund, Farmer-Patrick fekk 52,79, også det under den gamle verdsrekorden.

Doping I 1997 vart Farmer-Patrick utestengd i fire år etter ein dopingtest viste eit for høgt nivå av testosteron.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1984 i Los Angeles: Nr 8 – 57,15 VM 1987 i Roma: Nr 4 – 54,38. VM 1991 i Tokyo: Nr 4 – 53,95 OL 1992 i Barcelona: Sølvmedalje – 53,69, bakom Sally Gunnell (53,23) VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje – 52,79, bakom Sally Gunnell (52,74) OL 1996 i Atlanta: Utslått i semifinalane (54,73=nr 9)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sandra Farmer-Patrick» frå , den 22. juli 2021.

World Athletics

Kategori:Jamaicanske hekkeløparar Kategori:Hekkeløparar frå USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Folk frå Kingston på Jamaica Kategori:USA-amerikanarar av jamaicansk opphav