Alison Margaret Elizabeth Goldfrapp () er ein engelsk musikar og plateprodusent, mest kjend som vokalist i den britiske electronica-duoen Goldfrapp.
Ho byrja karrieren i 1994 då ho song på Orbital-albumet Snivilisation og spelte inn dei to songane «The Good» og «The Bad» med trip reggae-gruppa Dreadzone. I 1995 song ho med trip hop-artisten Tricky på songen «Pumpkin» og samarbeidde med Stefan Girardet på to songar for filmen The Confessional.
Goldfrapp møtte komponisten Will Gregory i 1999 og dei skipa Goldfrapp, som fekk kontrakt med Mute Records. Debutalbumet deira, Felt Mountain, kom ut i 2000.
I 2009 fekk ho ein æresdoktorgrad ved University of Portsmouth.
Goldfrapp har gjeve ut sju album så langt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alison Goldfrapp» frå , den 25. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Ambient-musikarar Kategori:Electroclash Kategori:Engelske elektroniske musikarar Kategori:Engelske pop-pianistar Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Britiske trip hop-musikarar Kategori:Goldfrapp-medlemmar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:Musikarar frå Bath i Somerset Kategori:Synth-pop-songarar Kategori:Engelske kvinner i elektronisk musikk