Bitter-Sweet er det sekstande studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry, offisielt gjeve ut under namnet Bryan Ferry and his Orchestra.
Bakgrunn Albumet består av nyinnspelingar av eldre songar av Ferry og Roxy Music på same vis som albumet hans frå 2012, The Jazz Age. Albumet var inspirert av at Ferry deltok i serien Babylon Berlin, eit tysk periodedrama basert på bøker av Volker Kutscher, sett til 1920-åra. Medan The Jazz Age utelukkande bestod av instrumentalar, inneheld Bitter-Sweet åtte spor med song. Albumet omfattar ragtime, blues og jazz. Seks av songane på albumet, «Alphaville», «Reason or Rhyme», «Bitter-Sweet», «Dance Away», «Chance Meeting» og «Bitters End» var alle nytta i lydsporet til Babylon Berlin.
Det vart òg gjeve ut ei luksusutgåve på CD med ei 18 sider bok og ei avgrensa vinylutgåve på 180-grams svart vinyl.
Plateomslaget var designa i same stil som perioden musikkstilen var inspirert av.
Mottaking Allmusic skreiv om albumet: «Som arrangert av Good og Fery, er dette alle smarte og romantiske produksjonar som framkallar den røykfylte stemninga i Babylon Berlins Weimar-republikk. Andre stader forvandlar Ferry den sofistikerte new-wave-stilen på «While My Heart Is Still Beating» frå Avalon frå 1982 til ei glatt, delvis tildekka kravling, og på liknande vis vert pop-eksotikken på tittelsporet «Boys and Girls» frå 1985 gjort om til ein saktebrennande flamenco-feberdraum. Særskild overtydande er Ferry og orkesteret hans i den kjappe utgåve av «Sign of the Times» frå The Bride Stripped Bare frå 1978, der dei drivande gitarlinjene på det originale sporet blir transponert til trompet. Dette er stemningsskapande jazz dryssa med det gylne støvet frå den glitrande rockefortida til Ferry.»
Innhald
Medverkande Bryan Ferry - vokal Colin Good - piano og harmonium Richard White - sopran-, alt og bass-saksofon, klarinett og bassklarinett Robert Fowler - tenorsaksofon og klarinett Alan Barnes - barytonsaksofon og klarinett Enrico Tomasso - trompet Malcolm Earle Smith - trombone Ian Bateman - trombone Martin Wheatley - banjo og gitar John Sutton - trommer Marc Easener - trombone og susafon Frank Ricotti - perkusjon Marina Moore - bratsj og fiolin Roe Stephens - fiolin og bratsj Julian Rowlands - trekkspel og piano Emma Parker - fiolin Sarah Chapman - bratsj Emma Owens - bratsj Katy Cox - cello Charlie Woof-Byrne - piano Camilla Pay - harpe Chris Laurence - kontrabass Sam Becker - kontrabass Karen Street - trekkspel Bobbie Oldham (Gordon) - vokal
Teknisk Rhett Davies og Bryan Ferry - produsent Colin Good og Bryan Ferry - arrangement Simeon Willey og Rhett Davis - innspeling og miksing
Salslister Liste (2018) Plassering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bitter-Sweet (Bryan Ferry album)» frå , den 26. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2018 Kategori:Bryan Ferry-album Kategori:Album produserte av Rhett Davies