Cracked Actor (Live Los Angeles '74) er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut posthumt på Record Store Day den 22. april 2017 gjennom Parlophone. Det var produsert av Bowie og miksa av Tony Visconti, og vart spelt inn under Diamond Dogs-turneen i september 1974. Noko av materialet på albumet var nytta i BBC-dokumentaren Cracked Actor.

Heile konserten dekkjer fem sider med vinylplater, medan den sjette sida er ei etsing av Bowie. Albumet skil seg frå det første konsertalbumet til Bowie, David Live, som vart spelt inn på den same turneen. Det har ei anna og meir R&B-orientert besetning, mellom anna med dei mangeårige samarbeidspartnarane Earl Slick og Carlos Alomar, i tillegg til korsongaren Luther Vandross. Setlista inneheld òg songar som vart spelte inn for The Gouster, eit album som seinare vart utvikla til Young Americans.

Albumet vart gjeve ut for breiare sal på CD den 16. juni 2017.

Mottaking

Pitchfork-kritikaren Chris Randle skreiv: «Du høyrer trommene så mykje tydlegare her at du kan høyre kor kompleks rytmen var på '1984', der rytmen svingar i sirklar for å ynskje kvart nye element velkomen. Bowie brukte midten av 1970-åra besett av kraft og brukte det gjennom djupare og djupare klangfargar, til forføringane hans verka reinsa for kjensler: ein ballade sungen av ein vampyr. Cracked Actor syner at han alt brukte fraseringane sine til å få merksemd.»

Innhald Alle songane er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Medverkande David Bowie – vokal Earl Slick – gitar Carlos Alomar – rytmegitar Mike Garson – piano, mellotron David Sanborn – altsaksofon, fløyte Richard Grando – barytonsaksofon, fløyte Doug Rauch – bass Greg Errico – trommer Pablo Rosario – perkusjon Gui Andrisano – korvokal Warren Peace – korvokal Ava Cherry – korvokal Robin Clark – korvokal Anthony Hinton – korvokal Diane Sumler – korvokal Luther Vandross – korvokal

Salslister Liste (2017) Plassering

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cracked Actor (Live Los Angeles '74)» frå , den 31. juli 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Konsertalbum frå 2017 Kategori:Konsertalbum av David Bowie Kategori:Album produserte av David Bowie Kategori:Parlophone-album