mini|Treverk øydelagt av pålemakk. Teredinidae er ein familie av makkliknande muslingar, med sterkt forkrøpla skal.Pelemark, Gyldendals store konversasjonsleksikon, Gyldendal norske forlag, 1972. Dei lever i saltvatn og er utbreidde over store deler av verda. Det finst rundt 65 ulike typar slike makkar, og av desse finst 4-5 i Noreg.Om pælemark og andre boredyr, Fartøyvernsentrenes fellesråd, desember 2011.
Dei mest kjente artane, som høyrer til slekta pålemakk (Teredo), kalklegg gangane sine. Dei er vanlige ned til eit djup på rundt 30 meter. Pålemakk er eigentlig muslingar med skal som er redusert til ei slags borekrone, som sit fremst på kroppen og har ein storleik på omlag 1 cm. Pålemakken er ellers naken og den langstrakte forma gjer at han minner meir om ein mark enn om ein musling.
Dei borar lange gangar i trevyrke og kan gjera stor skade ved at angripa skip og båtar av tre, trestolpar under kaier og bryggjer, osb. Pålemakk lever berre i sjøvatn, så ein kan unngå han ved å fortøya båtar litt oppe i ein elveos.A. Melkild, I baut og lens på Lofoten og Finnmarka, Driva-trykk AS, 1984.
Slekter Teredinidae omfattar fleire slekter, der pålemakk (Teredo) er den vanlegast nemnde. Den best kjende arten er Teredo navalis. Historisk har det vore større konsentrasjonar av Teredo i Det karibiske havet enn i dei fleste andre saltvassområde.
Slekter i familien Teridinidae er: Bactronophorus Tapparone-Canefri, 1877 Bankia Gray, 1842 Dicyathifer Iredale, 1932 Kuphus Guettard, 1770 Lithoredo Shipway, Distel & Rosenberg, 2019 Lyrodus Binney, 1870 Nausitoria Wright, 1884 Neoteredo Bartsch, 1920 Nototeredo Bartsch, 1923 Psiloteredo Bartsch, 1922 Spathoteredo Moll, 1928 Teredo Linnaeus, 1758 Teredora Bartsch, 1921 Teredothyra Bartsch, 1921 Uperotus Guettard, 1770 Zachsia Bulatoff & Rjabtschikoff, 1933
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Muslingar Kategori:Trebåtar