Kivusjøen er ein innsjø på grensa mellom Den demokratiske republikken Kongo og Rwanda. Han ligg i Albertinerifta, den vestlege delen av Riftdalen i Afrika. Kivusjøen har utløp gjennom elva Ruzizi, som renn sørover til Tanganyikasjøen. Innsjøen høyrer til Dei store sjøane i Afrika.

Sjøen er rundt 90 km lang og 50 km brei på det vidaste. Han har eit areal på rundt 2 700 km² og er dermed dne 8. største sjøen i Afrika. Kivusjøen ligg på ei høgd av 1 461 moh. Han ligg i ein riftdal som sakte utvidar seg, noko som gjev vulkansk aktivitet i området. Dette gjer òg at sjøen er usedvanleg djup, og med ei gjennomsnittsdjupne på 237 meter og ei største djupne på 480 meter er den 15. djupaste innsjøen i verda. Innsjøen er omringa av høge fjell. I den sørlege delen av sjøen ligg øya Idjwi, som er den tiande største øya i ein innsjø i verda og høyrer til Virunga nasjonalpark. Dei største byane ved Kivusjøen e Bukavu og Goma i Kongo og Gisenyi, Kibuye og Cyangugu i Rwanda.

Den første europearen som vitja sjøen var tyskaren Gustav Adolf von Götzen i 1894. Området rundt sjøen har vore ein sentral åstad for konflikten mellom hutu- og tutsi-folka i Rwanda, og deira allierte i Kongo, som blant anna har ført til folkemordet i Rwanda i 1994 og den fyrste og andre krigen i Kongo. Kivusjøen var særleg berykta som ein dumpestad for offera frå folkemordet.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kivusjøen» frå , den 11. august 2021.

Kategori:Kongobassenget Kategori:Riftdalen Kategori:Meromiktiske innsjøar Kategori:Internasjonale innsjøar Kategori:Innsjøar i Rwanda Kategori:Innsjøar i Den demokratiske republikken Kongo Kategori:29°E Kategori:2°S