«Joe the Lion» er ein song skriven av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Han vart produsert av Bowie og Tony Visconti med sologitar av Robert Fripp.
Songen er dels ein hyllest til performancekunstnaren Chris Burden,David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: p.320 som var kjend for å krossfeste seg sjølv til ein Volkswagen i 1974 («Nail me to my car and I'll tell you who you are») og for å ha ein assistent skyte seg i armen i eit kunstgalleri i 1971 («Guess you'll buy a gun / You'll buy it secondhand»). «Joe the Lion» vert òg rekna for å gjenspegle kampen til Bowie for å overvinne den kjenslemessige nummenheita som såg ut til å gjennomsyre det førre albumet hans Low («You get up and sleep»).Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.92
Bowie øvde inn songen for Isolar II-turneen i 1978, men songen vart ikkje framført på ein Bowie-konsert før i 1983 under Serious Moonlight-turneen og i 1995 på Outside-turneen. Han vart òg vurdert for, men ikkje framført på Glass Spider-turneen turneen.
«Joe the Lion» er av kritikaren Chris O'Leary blitt skildra som «fenomenal» og «ein av dei beste Bowie-songane frå seint i 70-åra».Chris O'Leary (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie, 1976-2016: p.85
Andre utgjevingar Songen kom ut som B-side til den amerikanske versjonen av «John, I’m Only Dancing (Again)» i desember 1979. Han er komen ut på samlealbumet: Golden Years (1983) plateboksen Sound + Vision (1989) Ein remiska versjon der dei forvrengde gitarane og trommene på originalen vart byta ut med lydar som reflekterte produksjonsverdiane frå slutten av 1980-åra. Denne kom ut på Rykodisc-versjonen av “Heroes” i 1991. Eit ikkje tidlegare utgjeven opptak frå ei øving under ein lydsjekk for Isolar II-turneen kom ut i februar 2020 som ei biletplate i lag med eit konsertopptak av «Alabama Song». Momus framførte ein versjon av «Joe the Lion» i 2015 på albumet Turpsycore.
Konsertopptak Eit konsertopptak frå 1995 under Outside-turneen kom ut på konsertalbumet Ouvre le Chien (Live Dallas 95) (2020).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Joe the Lion» frå , den 18. august 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Momus-songar