«Sons of the Silent Age» er ein song skriven av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. I følgje Brian Eno var dette den einaste songen på albumet som var komponert før innspelinga kom i gang. Alle dei andre songane vart improviserte fram i Hansa by the Wall studio. Bowie sjølv indikerer at Sons of the Silent Age på eit stadium kunne ha blitt tittelen på albumet, i staden for “Heroes”.NME interviews (1977) cited at Bowie: Golden Years . Henta 20. mai 2007.
Biografen David Buckley merka seg «dommedagsaktige saksofon-drivne vers sett upassande ved sidan av cheesy refreng».David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: p.321 Teksten er tolka å på ny utforske psykotisk tilbaketrekking, som Bowie hadde utforska på Low («Pacing their rooms just like a cell’s dimensions»), i tillegg til at han refererer til karakterar frå songen «The Supermen» frå 1970 («They never die they just go to sleep one day»)Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.92 på albumet The Man Who Sold the World. Forfattaren Nicholas Pegg spekulerte i om linja «platforms, blank looks, no books» synte til nazi-regimet.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.195
Andre utgjevingar
Bowie framførte songen på Glass Spider-turneen i 1987 og opptak finst på albumet og videoen Glass Spider. På denne versjonen av songen er refrenget sungen av sologitaristen i bandet, Peter Frampton Songen kom ut i plateboksen Sound + Vision (1989)
Andre versjonar
Philip Glass – “Heroes” Symphony (1996) Danny Michel – Loving the Alien: Danny Michel Sings the Songs of David Bowie (2004)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sons of the Silent Age» frå , den 19. august 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar produserte av David Bowie