Torgeir Bjørn () er ein norsk tidlegare langrennslaupar og seinare sportskommentator, fødd i Alvdal. Han vart norsk meister i 3 x 10 km stafett med Bjerke IL i 1989 og 1990, samt med Nannestad SK i 1993. Individuelt vart han ikkje betre enn nummer 4 i noregsmeisterskap, noko han vart fem gonngar. Faren, Kristian Bjørn, var og ein merittert skilaupar med mellom anna bronse på 4x10 km stafett i VM på ski i 1950 i Lake Placid.

Langrennar Torgeir Bjørn vart norsk juniormeister på 15 km i 1983 – saman med syskjenbarnet Jan Erik Bjørn vart det dobbeltsiger. Torgeir Bjørn var på landslaget i fleire år og gjekk inn til ellevteplass på 50 km fristil i OL i Calgary i 1988. I sin beste sesong, 1990-sesongen, kom han på 16. plass i verdscupen i langrenn.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1986: Nr 4 på 15 km på Vang Ski-NM 1987: Nr 12 på 30 km i Steinkjer Ski-NM 1988: Nr 6 på 15 km på Vang Ski-NM 1989: Nr 4 på 15 km og på 50 km på Geilo. Stafett-gull med Bjerke IL Ski-NM 1990: Nr 4 på 15 km på Gjøvik. Stafett-gull med Bjerke IL Ski-NM 1991: Nr 4 på 30 km i Misvær Ski-NM 1992: Stafett-bronse med Nannestad SK i Molde Ski-NM 1993: Stafett-gull med Nannestad SK på Dombås

Sportskommentator Frå midten av 1990-talet har Bjørn vore sportskommentator for NRK både på TV og i radio. I hovudsak kommenterer han langrenn, men også skiskyting.

Langrennstrenar Etter 10 års samarbeid med trenaren Roger Grubben, innleidde skiskyttaren Ole Einar Bjørndalen i 2010 eit samarbeid med Torgeir Bjørn som hovudtrenar.«Bjørndalen bryter med suksesstrener», av Andreas Budalen på nrk.no 20. juli 2010

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Torgeir Bjørn» frå , den 21. august 2021.

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Folk frå Alvdal