«Scream Like a Baby» er ein song skriven av David Bowie i 1980 for albumet Scary Monsters (and Super Creeps).
Musikk og tekst Songen fokuserer på ein hovudperson kalla Sam som i lag med forteljaren på songen tilsynelatande sit i eit politisk fengsel. Sjølv om songen er sett til framtida, er soga i fortid, på ein måte som Bowie skildra som «framtidsnostalgi... Ei blikk attende på noko som ikkje har skjedd enno».Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.181 Musikalsk er songen kjend for den «ultra-moderne new wave-gitarsynth-lyden», og for at Bowie nytta varispeed-vokal for å illustrere Sam sin nedadgåande spiral i fengselssjukehuset – i følgje NME-kritikaren Roy Carr og Charles Shaar Murray er effekten som «om forteljaren på 'All the Madmen' var busett i verda i '1984'».Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.113
«Scream Like a Baby» var eit av fleire spor på Scary Monsters som utvikla seg frå songar Bowie hadde skrive fleire år tidlegare. Denne vart opphavleg komponert i 1973 med ein annan tekst, som «I Am a Laser» for The Astronettes (Ava Cherry, Geoffrey MacCormack og Jason Guess).David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: p.207 Bowie arbeidde på eit album for gruppa, men det vart etter kvart droppa og kom til slutt ut i 1995 som eit Ava Cherry-album kalla People from Bad Homes. «I Am a Laser» var eit av spora her.
Bowie hadde tenkt å spele songen i 1987 under Glass Spider-turneen, men droppa songen frå setlista før turneen kom i gang.
Andre utgjevingar Han kom ut som B-sida til singelen «Fashion» i oktober 1980.
Medverkande David Bowie – solovokal Tony Visconti – korvokal Carlos Alomar – gitar Andy Clark – synthesizer George Murray – bassgitar Dennis Davis – trommer
Notes
Denne artikkelen bygger på «Scream Like a Baby» frå , den 31. august 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar produserte av David Bowie