Lene Onsrud Retzius () er ein norsk friidrettsutøvar frå Moelv i Hedmark. Ho vart norsk meister i stavhopp 2014-17 og 2019-20. I 2018 sette Retzius norsk rekord i øvinga med eit hopp på 4,50 meter. Ho var medlem i Moelven IL til 2014, sidan 2015 har ho representert IL i BUL.

Aktiv 15-årige Retzius kom på delt andreplass i stavhopp ved Friidretts-NM 2011, då Cathrine Larsåsen forbetra norgesrekorden til 4,31 meter og vann suverent. I 2014 vann Retzius det fyrste av fire strake NM-gull i stavhopp. Ho sikra seg medaljen ved å vere den fyrste over 3,80 m. Dei tre neste åra sikra ho seg gullmedaljen med hopp på 4,00 m, deretter 4,10 m og så 4,20 m.

Den 30. mai 2018 sette Retzius noregsrekord i stavhopp med 4,50 meter på Lambertseter stadion i Oslo. I noregsmeisterskapen 2018 stoppa ho på 3,90 m og enda på sølvplass. Året etter gjekk ho over 4,32 m og sette meisterskapsrekord ved NM på Hamar. Sommaren 2021 tangerte ho noregsrekorden ved eit stemne i Genève.

Plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2018 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (4,20 m=nr 22) VM 2019 i Doha: Utslått i kvalifiseringa (4,35 m=nr 25)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lene Retzius» frå , den 3. september 2021. friidrett.no

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske stavhopparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024