mini|Blandingsskog i Neila i Spania Blandingsskog er ein type skog som består av både lauvtre og bartre. Slik skog finst blant anna i sentrale delar av Europa, delar av Vest-Asia, deler av Himalaya og i Aust-Asia, Sør- og Søraust-Australia, langs sørvestkysten og lengst sør i Sør-Amerika og i det austlege Nord-Amerika. I internasjonal biogeografi blir skogtypen gjerne omtalt som temperert lauvskog og blandingsskog (temperate broadleaf and mixed forest, forkorta TBMF).WWF (2017) Temperate broadleaf and mixed forests. World Wide Fund for Nature, 2017. Besøkt 2017-12-28
I Noreg er det svært lite blandingsskog, men det finst ein del på Sørlandet og Sør-Austlandet. Denne består typisk av ei blanding av gran og bjørk, med innslag av andre lauvtre. Blandingsskog er meir vanleg i Sverige, der store delar av Sør-Sverige består av denne skogtypen. Likeeins er han vanleg i Danmark.
Dei mest næringsrike variantane av blandingsskog har ofte eit rikt dyreliv.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Blandingsskog» frå , den 4. september 2021.
Kategori:Botanikk Kategori:Økologi Kategori:Skogar