«As The World Falls Down» er ein song skriven av David Bowie for lydsporet til fantasy-filmen Labyrinth i 1986.

Bakgrunn og komposisjon «As The World Falls Down» er ein av fem songar Bowie skreiv og spelte inn for filmen, der han òg spelte rolla som Jareth, kongen over nissane. Det er ein kjærleiksballade skriven for ein draumesekvens der Jareth og heltinna i filmen, Sarah, dansar på eit fantastisk maskeradeball. Bowie sa om songen, «Regissøren Jim Henson ønskte noko som var ganske gammaldags i kjenslene sine og for meg er han den vakraste melodien i filmen, og den mest avslappa.» Melodien i songen kan høyrast i starten av filen som melodien på speledåsen til Sarah.

«As The World Falls Down» er strukturert i ein tradisjonell 1-6-4-5-format som var populær for balladar i 1950-åra. Introduksjonen til songen er ein moderat kjapp 3/4-takt, før ein elektrisk bass endrar rytmen til ein langsamare 4/4-takt. Basslinja består av eit konstant stigande motiv og fungerer som ein knagg gjennom heile songen.

Utgjeving «As The World Falls Down» er det sjuande sporet på Labyrinth-albumet, som kom ut i juli 1986 i samband med filmpremieren i USA. EMI planla å gje ut songen på singel seint i 1986, forkorta ned til 3:40 og fekk laga ein musikkvideo til songen. Men singelen vart avlyst - kanskje fordi Bowie ikkje ønskte ein kjærleiksballade til å konkurrere med dei tyngre songane på det komande albumet Never Let Me Down, som biografen Nicholas Pegg har spekulert i. Versjonen vart sidan gjeven ut som bonusspor på Virgin Records si nyutgjeving av Tonight i 1995, og videoen er med på Bowie – The Video Collection (1993) og på DVD-utgåva av Best of Bowie (2002). Albumversjonen på 4:50 av songen var med på den fem spor lange CD-en I Am Iman, som vart personleg sett saman av Bowie i samband med sjølvbiografien til kona Iman i 2001.*

Musikkvideo Musikkvideoen vart filma av Steve Barron i samband med den planlagd singelutgjevinga. Videoen nytta klipp frå Labyrinth med svartkvitbilete av Bowie som framfører songen i eit elegant rom i lag med karakteren Hoggle frå filmen. Soga følgjer fotokopiar av Bowie som forheksar ei kvinne i eit kontorbygg (spelt av den franske skodespelarinna Charlotte Valandrey).

Videoen til Barron for «As The World Falls Down» og temasongen til Labyrinth, «Underground» imponerte Jim Henson så mykje at han fekk Barron til å regissere TV-serien hans The Storyteller.

Mottaking Rolling Stone kalla songen ein «løynd juvel» i karrieren til Bowie og hadde «As the World Falls Down» med på lista si over 30 essensielle Bowie-songar, der han vart skildra som ein «glitrande, dempa ballade, som blandar ein øm vokal frå Bowie og ein senete basslinje med ein glassaktig New Romantic-synth». The A.V. Club rekna han som den beste songen frå Labyrinth, og skreiv at han «imøtekomme inderlig empati, ved å bruke klassiske popakkordprogresjonar for å relatere gledene og smertene til kjærleiken.» Smooth Radio valde «As The World Falls Down» som den 11. beste av dei 20 beste Bowie-songane, og hevda at han «fortener å bli rekna som ein av dei finaste Bowie-songane nokon gong». Newsweek rekna songen som «rein 80-tals cheese», men måtte innrømme at «han har derimot eit herleg refreng». Gigwise kalla songen «ein av dei 50 beste originale songane nokon gong laga for film».

I følgje Bowie-biografen David Buckley i 2015 var «As the World Falls Down» ein av dei 30 bestseljande Bowie-songane på iTunes i Storbritannia, og Labyrinth-albumet var det tredje bestselde Bowie-albumet på iTunes. Då Bowie døydde i 2016 var songen den 32. bestseljande Bowie-songen i Storbritannia.

Medverkande I følgje biografen Chris O'Leary: David Bowie – solovokal, korvokal, producer Arif Mardin – produsent Nicky Moroch – sologitar Jeff Mironov – solo- og rytmegitar Will Lee – bass Steve Ferrone – trommer Robbie Buchanan – klaverinstrument, synthesiser, programmering, gitar, klaverinstrument, arrangør Robin Beck – korvokal

Andre versjonar Lights — We Were So Turned On: A Tribute to David Bowie (2010). Tittelen på denne var «World Falls Down». Girl In a Coma — Adventures in Coverland (2010) Signe Tollefsen — Baggage (EP) (2011) Daniel Boaventura — One More Kiss (2014) Grace Potter — «As The World Falls Down» (2016). Først berre gjeve ut på YouTube-kanalen hennar og sosiale media som ein hyllest til Bowie etter at han døydde tidlegare på året; seinare gjeven ut på singelen «We'll Be Alright» (2020). Vitamin String Quartet — Geek Wedding Vol 2: The Sequel (2016) Lena Hall — Obsessed: David Bowie (EP) (2018)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «As the World Falls Down» frå , den 7. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Musikkvideoar regisserte av Steve Barron Kategori:Popballadar Kategori:Songar skrivne for filmar