Paracas candelabro (lysestaken) er ein geoglyf, ein over 120 meter høg figur laga med kraftige riss i ei skråstilt ørkenoverflate på vestsida av Paracas-halvøya i Ica-regionen i Peru. Figuren er kunstferdig utforma, liknar ein trearma lysestake og ligg vendt utover mot Stillehavet.
Det finst ingen sameinte teoriar korkje om alder, opphav eller føremålet med figuren. Nokon set figuren i samband med chavínkulturen, medan andre trur han har kome opp etter den europeiske koloniseringa og då kanskje som eit navigasjonsmerke, eit dagmerke.
Kjelder Essay av Chris Iovenko i The New York Times
Denne artikkelen bygger på «Pisco_(ciudad)#El_Candelabro» frå , den 14. september 2006.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Ica-regionen Kategori:Geoglyfar Kategori:Arkeologiske funn i Peru