Lea Mathilde Skar-Myren () er ein norsk skodespelar og modell.

Ho vart kjend etter å ha spelt hovudrolla Maya i dramaserie på NRK (2013–2015; 2018). Seinare har ho spelt hovudrollene Jeanette i situasjonskomedien (frå 2020) på NRK og Monica «Tatærn» i dramaserien Kids in Crime (2022–2024) på TV 2.

Myren har òg opptredd i biroller i ei rekke NRK-seriar, inkludert i situasjonskomedien (2018) og ungdomsserien (2019).

Bakgrunn Lea Mathilde Skar-Myren voks opp i Oslo som den første dottera til forskaren . Etter å ha gått ungdomsskulen på tok Myren dramalinja ved ; ho gjekk ut frå vidaregåande skule i 2020.

Karriere Myren hadde dei første TV-opptredenane sine i 2009 i NRK sin barne-TV-serie , der episodane inneheldt innslag der ho og jamaldra barn guida sjåarane gjennom eit dataspel. Sidan spelte ho hovudrolla som Maya i den første sesongen av dramaserie Jenter (2013) på NRK. I dei fire følgjande sesongane av serien, fram til 2015, fortsette ho som Maya, som då var ei birolle i produksjonen.

Ho hadde seinare ei birolle i ein episode av situasjonskomedie Side om side (2018) på NRK. I 2019 hadde ho fleire biroller i ulike TV-seriar, mellom anna i ungdomsserien og situasjonskomedien . Myren hadde same år òg ei statistrolle i Dottera ved Det Norske Teatret, og arbeidde som lyssjef i . Ho fekk året etter hovudrolla som Jeanette i situasjonskomedie ved NRK.

I 2021 arbeidde Myren som klesmodell for merket Also Worldwide, og bidrog med promotering av Also Worldwide. Myren hadde òg den første filmrolla si i Aldri i Livet, og opptredde i musikkvideoen til Kristian Skylstad sin song «Never Lose That Childish Glow in Your Eyes».

Filmografi Fjernsyn ÅrTittelRolleMerknader2009Seg sjølvProgramleiar2013–2015; 2018MayaHovudrolle (sesong 1) Birolle (sesong 2–5) Gjesteopptreden (sesong 10)2013Seg sjølvGjesteopptreden2014–2015Seg sjølv2 episodar2018SofieEpisode: «Foreldrekonflikt»2019Jenny2 episodar2020AllergiskEpisode: «Verdensblikk»2020–noverandeJeanetteHovudrolle2021Ingrid2 episodar2022Venner fra førIndie5 episodar2022–2024Kids in CrimeMonica «Tatærn» LarsenHovudrolle

Film År Tittel Rolle Merknader 2021 Aldri i Livet Liv Bachelorfilm ved –

Musikkvideo År Video Artist 2021 «Never Lose That Childish Glow in Your Eyes» Kristian Skylstad

Reklame ÅrProdukt2017 av Margreth Olin2018VM på TV 22019«Stemmer verdt å lytte til» av Ung

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lea Myren» frå , den 3. oktober 2021.

Kategori:Skodespelarar frå Oslo Kategori:Skodespelarar ved Det norske teatret Kategori:Norske modellar Kategori:Norske scenografar Kategori:Programleiarar for NRK