Ali Baba og dei førti røvarane er eit eventyr frå Tusen og ei natt. Det blei lagt til samlinga på 1700-talet av den franske omsetjaren Antoine Galland, som hadde høyrd det frå den syriske forteljaren Hanna Diyab. Soga om Ali Baba er ei av dei best kjende sogene frå eventyrsamlinga, og er blitt gjenfortald og tilpassa ulike media, ofte for barn og med dei meir grusame delane skrivne om.
I den opphavlege versjonen er Ali Baba ein fattig vedhoggar som oppdagar løyndommen kring gøymestaden til nokre røvarar, og går inn dit ved hjelp av den magiske formuleringa «Sesam, sesam, lukk deg opp». Røvarane prøver å drepa Ali Baba som gjengjelding, men den trufaste slavejenta hans øydelegg for dei. Sonen til Ali Baba giftar seg med henne, og Ali Baba held på løyndommen om skatten.
Soga er blitt klassifisert som AT 676 i Aarne-Thompson-systemet. Denne sogetypen er svært utbreidd.Paulme, Denise. "Morphologie du conte africain". I: Cahiers d'études africaines, vol. 12, n°45, 1972. s. 153. [DOI: https://doi.org/10.3406/cea.1972.2775]; www.persee.fr/doc/cea_0008-0055_1972_num_12_45_2775
Teksthistorie mini|venstre|Fyrsteutgåva av Les Mille et une Nuit av Antoine Galland med byrjinga av soga om Ali Baba. Soga blei lagt til eventyrsamlinga Tusen og ei natt av ein av dei europeiske omsetjarane av verket, Antoine Galland, som kalla sine band Les Mille et Une Nuits (1704–1717). Galland var ein fransk orientalist som høyrde det fortald munnleg av ein syrisk maronittisk forteljar, Hanna Diyab, som var frå Aleppo og fortalde soga i Paris.Goodman, John (17 Dec 2017). Marvellous Thieves adds a new chapter to Arabian Nights - Paulo Lemos Horta gives 'secret authors' their due in his study of the World Literature classic. North Shore News. I alle høve er den franske versjonen til Galland den eldste nedskrivne utgåva av soga. Richard F. Burton tok henne med i tilleggsbanda (ikkje i hovudsamlinga) av si omsetjing, som han gav ut som The Book of the Thousand Nights and a Night i 1885. (n.)
Soge mini|portrett|Ali Baba overhøyrer røvarane frå eit tre. mini|portrett|Cassim, bror til Ali Baba, fanga i hola. Måleri av Maxfield Parrish frå 1909. mini|portrett|Morgiana oppsøker skomakaren (skreddaren). Illustrasjon frå 1907.
Ali Baba og den eldre broren hans Cassim (også skrive Kasim) er sønene til ein kjøpmann. Etter at far deira døyr giftar den grådige Cassim seg med ei rik kvinne og blir ein velståande mann som byggjer vidare på faren si forretning. Ali Baba giftar seg med ei fattig kvinne og blir vedhoggar.
Ein dag er Ali Baba ute på arbeid i skogen då han tilfeldigvis blir vitne til at ei gruppe på 40 røvarar vitjar dei gøymde skattane sine. Desse er i ei hole som er stengd av ein stor stein. Han opnar seg om ein seiar dei magiske orda «sesam, sesam, opne deg», og blir stengd ved hjelp av dei magiske orda «sesam, sesam, lukk deg». Etter at røvarane er gått går Ali Baba inn i hola sjølv og tek ein einskild sekk med gullmyntar med seg heim.
Ali Baba og komna hans låner ei vekt av svigerinna for å vega skatten sin. Utan at dei veit det har kona til Cassim festa ein voksklump på vekta for å finna ut kva Ali Baba brukar henne til, sodan ho lurer på kva slags type korn han treng å vega. Ho blir overraska over å finna ein gullmynt som sit fast i voksen, og fortel om det til ektemannen. Ali Baba blir pressa av bror sin til å fortelja om gøymestaden. Cassim dreg til hola og tek med seg eit esel for å frakta med seg så mykje av skatten som mogleg. Han kjem seg inn i hola med dei magiske orda, men vel inne blir han overvelda av å sjå skatten, og gløymer korleis han skal koma seg ut att. Røvarane finn han der og drep han. Ali Baba dreg til hola for å leita etter broren, og finn han drepen og kvartert like ved inngangen, som ei åtvaring til andre mot å gå inn.
Ali Baba tek liket med seg heim og overlèt det til Morgiana, ei lur slavinne frå hushaldet til Cassim. Ho får i oppdrag å få andre til å tru at Cassim har døydd ein naturleg død. Først kjøper Morgiana medisinar frå eit apotek og fortalde han at Cassim er alvorleg sjuk. Deretter finn ho ein gammal skreddar kjend som Baba Mustafa som ho betaler, bind for auga og leiar til huset til Cassim. Der syr skreddaren bitane av kroppen til Cassim saman igjen i løpet av natta. Ali Baba og familien er i stand til å gi Cassim ei skikkeleg gravferd utan at nokon mistenker noko.
Røvarane oppdagar at liket er borte, og innser at ein annan person må kjenna løyndommen deira. Dei bestemmer seg for å finna han. Ein av tjuvane går inn til byen og støyter på Baba Mustafa, som fortel at han nettopp har sydd saman stykka av eit lik. Etter å ha innsett at den døde mannen må ha vore offeret deira, ber røvaren Baba Mustafa om ta han til huset der gjerninga blei utført. Skreddaren får bind for auga igjen, og i denne tilstanden klarer han å gå opp att vegen til huset. Røvaren markerer døra med eit symbol, slik at dei andre i gjengen kan koma tilbake om natta og drepa alle i huset. Men han er blitt sett av Morgiana som øydelegg planen ved å markera alle husa i nabolaget på same måte. Når dei 40 røvarane kjem tilbake den kvelden, kan dei ikkje identifisera det rette huset, og leiaren deira drep den mislykka røvaren i sinne. Dagen etter vitjar ein annan røvar Baba Mustafa og prøvar igjen. Dnne gongen blir eit lite steinstykke slått ut av steintrinnet ved inngangsdøra til Ali Baba. Igjen øydelegg Morgiana planen ved å laga liknande hakk i alle dei andre dørstokkane, og den andre røvaren blir òg drepen for fiaskoen sin. Til slutt går leiaren for røvarane og ser sjølv. Denne gangen hugsar han kvar detalj han kan om utsida av huset til Ali Baba.
Leiaren for røvarane let som om han er ein oljehandlar som treng husly frå Ali Baba. Han har med seg muldyr som ber 38 oljekrukker der ei av dei fylt med olje og dei andre 37 gøymer resten av røvarane. Røvarane planlegg å drepa Ali Baba om natta når han søv. Igjen klarer Morgiana å avsløra og øydeleggja planen ved å hella kokande olje over dei gøymde røvarane og drepa dei. Når leiaren kjem for å vekka mennene sine, finn han ut at alle er døde, og røymer. Neste morgong fortel Morgiana Ali Baba om kva som har hendt. Dei gravlegg røvarane, og Ali Baba viser takksemda si til Morgiana ved å frigjeva henne.
For å ta hemn etablerer røvarleiaren seg som ein kjøpmann og blir vener med sonen til Ali Baba, som har teke over forretningane til den avdøde Cassim. Han blir invitert til middag heime hjå Ali Baba. Han blir gjenkjend av Morgiana, som framfører ein sverddans med ein kniv som ho stikk i hjartet til røvaren når han ikkje er på vakt. Fyrst er Ali Baba sint på Morgiana, men når han finn ut at røvaren ville drepa han er han svært takknemlig. Morgiana blir løna ved å få gifta seg med sonen hans. Ali Baba er no att som den einaste som kjenner løyndommen om skatten i hola og korleis ein kan henta han.
Analyse Eventyrtype Soga blei klassifisert i den andre reviderte utgåva av det internasjonale Aarne-Thompson-systemet (AT eller AaTh) som ein kombinasjon av to sogetypar: AaTh 676, «Open Sesame», og AaTh 954, «The Forty Thieves». I den fyrste typen høyrer ein fattig mann løyndommen for korleis ein kan opna hola til røvarar, går inn i henne og stel skatten der. Den rike broren hans prøver å gjenta suksessen, men gløymer den hemmelege formelen og blir drepen. I den andre typen gøymer røvarane seg i oljefat og blir frakta til eit hus; jenta drep røvarane.Aarne, Antti; Thompson, Stith. The types of the folktale: a classification and bibliography. Folklore Fellows Communications FFC no. 184. Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 1961. s. 237-238, 337-338.Marzolph, Ulrich; van Leewen, Richard. The Arabian Nights Encyclopedia. Vol. I. California: ABC-Clio. 2004. s. 91. (e-book). I utgåva frå 2004, av den tyske folkloristen Hans-Jörg Uther, er sogetypen AaTh 676 gjeven ei ny indeksnemning, ATU 954, «The Forty Thieves».
Forskarane Ulrich Marzolph og Richard van Leewen har føreslått at, sjølv om det finst munnlege variantar som er avleidde frå den litterære kjelda, kan det også ha eksistert ein sjølvstendig tradisjon for soga.Marzolph, Ulrich; van Leewen, Richard. The Arabian Nights Encyclopedia. Vol. I. California: ABC-Clio. 2004. s. 91. (e-book). Sameleis peiker Ton Dekker til eit austleg opphav for soga basert på elementa i henne (det gøymde skattekammeret, trylleformelen for å opna fjelle, beringa av rørvarane i lêrsekkar).Deker, Ton. "Ali Baba en de veertig rovers". I: Van Aladdin tot Zwaan kleef aan. Lexicon van sprookjes: ontstaan, ontwikkeling, variaties. 1ste druk. Ton Dekker & Jurjen van der Kooi & Theo Meder. Kritak: Sun. 1997. s. 43.
Variantar Ifølgje Stith Thompson og Ton Dekker er soga om «Ali Baba og dei førti røvarane» blitt del av den munnlege tradisjonen i «nesten kvart land» i Europa etter omsetjinga av Tusen og ei nat.Deker, Ton. "Ali Baba en de veertig rovers". I: Van Aladdin tot Zwaan kleef aan. Lexicon van sprookjes: ontstaan, ontwikkeling, variaties. 1ste druk. Ton Dekker & Jurjen van der Kooi & Theo Meder. Kritak: Sun. 1997. s. 42-43. Sidan han fyrst dukka opp på trykk har sogetypen blitt «nesten universelt [...] spreidd.»Paulme, Denise. "Morphologie du conte africain". I: Cahiers d'études africaines, vol. 12, n°45, 1972. s. 153. [DOI: https://doi.org/10.3406/cea.1972.2775]; http://www.persee.fr/doc/cea_0008-0055_1972_num_12_45_2775 Den svenske forskaren Waldemar Liungman merka seg spreiinga gjennom heile Europa og i Afrika, særleg langs veskysten av kontinentet.
Det er funne ein vestafrikansk versjon, kjend som The Password: Outwitting Thieves. Percy Amaury Talbot fann ein nigeriansk variant, kjend som The Treasure House in the Bush, hjå Ojong Akpan frå Mfamosing.
«Die Schatzhöhle der Wuarssen» (‘Skattehola til wuarssenarane’), ein kabylsk variant, blei gjeven ut av Leo Frobenius i 1922.
Elsie Clews Parsons samla inn og gav ut ein versjon frå Kapp Verde. Emelyn Elizabeth Gardner fann ein amerikansk versjon i New York.
I kulturen mini|Frå ei oppsetjing av operaen Ali Baba av Charles Lecocq frå 2014.
Lydinnspelingar og musikk
Dick Bentley spelte Ali Baba i ei musikalsk dramatisering på Riverside Records (RLP 1451)/Golden Wonderland (GW 231). Soga blei dramatisert for Tale Spinners for Children on United Artists Records (UAC 11018). Anthony Quayle fortalde soga på Caedmon Records (TC 1251)/Fontana Records (SFL 14108). Martyn Green fortalde soga på Arabian Nights' Entertainment (Riverside Records RLP 1405). Bing Crosby fortalde og song ein versjon av soga for Simon & Schuster Records (A298:20)/Gala Records (GLP 351). Bing Crosby fortalde og song soga 25. april 1957. Dette kom ut som albumet Ali Baba and the Forty Thieves i 1957. «Main Hoon Alibaba» er ein song frå den indiske filmen Char Chand frå 1953 av Talat Mehmood og Premlata. Han fortel om eventyra til Ali Baba. «Alibaba Alibaba» er ein song Asha Bhosle frå den indiske filmen Alibaba Aur 40 Chor frå 1966. «Main Alibaba» er ein song av K. J. Yesudas frå filmen Alibaba Marjinaa frå 1977 «Alibaba Alibaba» er ein song om Alibaba og kjærleiken hans for Marjina av Suresh Wadkar og Kavita Krishnamurthy frå den indiske filmen Jeeo Aur Jeene Do frå 1982. «Ali Baba Ali Baba» er ein song om ein tømmerhøggar av Runa Laila og Aadesh Shrivastava frå den indiske filmen Agneepath frå 1990. Supergrupppa Dark Lotus sitt album Tales from the Lotus Pod (2001) inneheld ein song kalla «Ali Baba». John Holt syng om ein draum han hadde om Ali Baba i songen sin «Ali Baba». På det fyrste sporet på Licensed to Ill, «Rhymin' & Steelin'», messer Beastie Boys «Ali Baba and the forty thieves».
Bøker og teikneseriar
Tom Holt sin roman Open Sesame byggjer på figurane frå soga. Figurane frå soga, Ali Baba, Cassim og Morgiana i tillegg til konseptet om dei førti røvarane opptrer i den japanske mangaserien Magi. I 2012 blei mangaen filmatisert som anime.
Teater og opera høgre|mini|portrett|Poster for 40 Thieves ved Royal Lyceum Theatre i Edinburgh, 1886