David Bowie at the Kit Kat Klub (Live New York 99) er eit konsertalbum av David Bowie gjeve ut 2. april 2021 på Parlophone.

Konsertopptaket er henta frå den vesle Kit Kat Klub i New York City i november 1999, der publikum var spesielt inviterte og billettvinnarar. Konserten vart òg filma og sendt på Internett ein månad seinare, og det kom òg sidan ein promo-CD med tolv songar frå konserten. Det er denne promo-CD-en frå seint 1999 eller tidleg 2000 som vart gjeven ut i 2021. Albumet nådde 20. plassen på albumlista i Storbritannia og 93. plassen på albumlista i Irland.

Songane som vart framførte på konserten, men som ikkje kom med på albumet var «Drive-In Saturday», «Cracked Actor», «Ashes to Ashes», «Repetition» og «Rebel Rebel».

Innhald

Medverkande David Bowie : vokal, akustisk gitar Reeves Gabrels : sologitar, berre 23. august 1999 Page Hamilton : solo- og rytmegitar, etter 9. oktober Mark Plati : rytmegitar, akustisk gitar, bassgitar, korvokal, musikalsk leiar Gail Ann Dorsey : bassgitar, rytmegitar, korvokal Sterling Campbell : trommer, perkusjon Mike Garson : klaverinstrument, piano Holly Palmer : korvokal, perkusjon Emm Gryner : korvokal

Kjelder

Kategori:Konsertalbum av David Bowie Kategori:Konsertalbum frå 2021 Kategori:Parlophone-album