«Shadow Man» er ein song skriven av David Bowie og først spelt inn i 1971 under Ziggy Stardust-innspelinga. Han vart spelt inn på ny av Bowie i 2000 og gjeven ut første gongen i 2002.

Den originale innspelingsdatoen er uviss. I følgje ein Bowie-ekspert vart ein uferdig demo med vokal, gitar og trommer spelt inn i Trident Studios den 14. september 1971, og ein tidlegare versjon kan ha blitt spelt inn i lag med «Rupert the Riley» den 23. april 1971. Ein annan Bowie-ekspert meiner at songen vart spelt inn 15. november 1971.Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.231

I 2000 spelte Bowie inn songen for det planlagte, men skrinlagde albumet Toy. Denne versjonen kom seinare ut på den avgrensa bonusplata til Heathen, og på singlane «Slow Burn» og «I've Been Waiting for You» og versjon 2 av den britiske singelen «Everyone Says 'Hi'». Han kom òg ut på samleplata Nothing Has Changed i 2014.

Songen er kjend for å ha likskap til Biff Rose-songen «The Man», som kom ut på hans Thorn In Mrs Roses Side. Dette albumet inneheld songane «Fill Your Heart» og «Buzz the Fuzz», som Bowie spelte inn.

Tekst I følgje artisten Tanja Stark verkar teksten å vere inspirert av innsikta til Carl Jung. «Shadow» eller «skuggen» er eit kjernekonsept i hans djupnepsykologi. Bowie skildra seg sjølv som jungsk i forholdet sitt til draumetilstanden og nemnde Jung i teksten til «Drive-In Saturday».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shadow Man (song)» frå , den 20. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar frå 1971