Sederslekta (Cedrus) er ei planteslekt av store bartre i furufamilien.

Trea er eviggrøne, sambu og 30-40 meter høge, ein sjeldan gong opp til 60 meter, og er ofte omfangsrike med breie, pyramideforma kroner. Dei har i likskap med lerk to typar skot, langskot med spiralstilte nåler og kortskot med kransstilte nåler. Konglene er opprette, som hos edelgran. Seder kan overleva frostperiodar og får fukt vinterstid i form av snø, samstundes som dei toler den tørre sommaren i middelhavslanda betre enn dei fleste andre bartre.

Treet har parfymert sevjevekst og motstand mot fukt og rotning. Trevirket har difor vore viktig både som skipstømmer og i trearbeid. I Egypt i oldtida henta faraoane sedertre i dagens Libanon til skipsbygging og andre konstruksjonar.

Det veks sedertre høgt i vestlege Himalaya og sørskråningen til Hindukush (1500–3200 moh.) og i fjell i det sørlege og søraustlege middelhavsområdet (1000–2200 moh.).Farjon, A. (1990). Pinaceae. Drawings and Descriptions of the Genera. Koeltz Scientific Books . Himalayaseder skil seg ut på fleire måtar og blir rekna som systerarten til dei andre. Sederformene i middelhavsområdet liknar mykje på kvarandre og blir rekna som éin, to eller tre arter i ulike oversyn.

Sederslekta har sannsynlegvis oppstått lengjer nord enn dagens utbreiing. Sikre fossil er kjende frå oligocen i vestlege Kasakhstan, miocen i Sørvest-Europa, pliocen i Søraust-Europa og tidleg pleistocen i Ahaggar-fjella i sentrale Sahara. Det er funne fossil frå paleocen på Kamtsjatka. I Sør-Frankrike døydde seder ut ved overgangen mellom pliocen og pleistocen for 2,6 millionar år sidan. I Italia ser det ut til at seder forsvann under klimaforverringa for mellom 900 000 og 700 000 år sidan, medan det overlevde litt lenger i Hellas.

Meiningane om kva tid seder døydde ut på Den iberiske halvøya er delte. Donatella Magri meiner at treslaget mest sannsynleg døydde ut ved overgangen mellom pliocen og pleistocen og at funn av pollen i yngre avsetninger kjem av skulda langtransport frå Nord-Afrika. Spanske forskarar meiner derimot at ein ikkje kan stenga ute at seder overlevde til siste istid og kanskje endå lenger.

Treslaget har hatt stor tyding i Midtausten, særleg etter at det breidde seg jamt ut austover fjellrekkjene Libanon og Taurus – i dagens Libanon, Syria og Tyrkia – etter ein mellombels sterk tilbakegang i yngre dryas (10 900–9600 f.Kr.). Det blei brukt i Salomos tempel i Jerusalem omkring 1000 f.Kr. I det gamle Hellas var òg sedertre eit skatta treslag.

Ordet «seder» kjem via latin cedrus frå gresk κέδρος, kédros. I antikken blei ordet brukt både om seder og om arter i einerslekta. Trevirke frå mange andre blei vert òg kalla seder, til dømes kvit seder frå lawsonsypress (Chamaecyparis lawsoniana), raud seder frå kjempetuja (Thuja plicata), californiaseder frå Calocedrus decurrens, japanseder frå Cryptomeria japonica, virginiaseder frå Juniperus virginiana og spansk seder frå Juniperus oxycedrus. Kubaseder, som blir brukt i sigarkassar, kjem frå lauvtreet Cedrela odorata.

Artar mini|portrett|Seder i Atlasfjella i Marokko.

Cedrus kan delast inn i frå ein til fire artar:Gymnosperm database Cedrus.NCBI Taxonomy Browser Cedrus.Flora of China vol. 4Qiao, C.-Y., Jin-Hua Ran, Yan Li and Xiao-Quan Wang (2007): Phylogeny and Biogeography of Cedrus (Pinaceae) Inferred from Sequences of Seven Paternal Chloroplast and Maternal Mitochondrial DNA Regions. Annals of Botany 100(3):573-580. Available onlineFarjon, A. (2008). A Natural History of Conifers. Timber Press .Christou, K. A. (1991). The genetic and taxonomic status of Cyprus Cedar, Cedrus brevifolia (Hook.) Henry. Mediterranean Agronomic Institute of Chania, Greece.GRIN Taxonomy for Plants Cedrus .Güner, A., Özhatay, N., Ekim, T., & Başer, K. H. C. (red.). 2000. Flora of Turkey and the East Aegean Islands 11 (Supplement 2): 5–6. Edinburgh University Press. Eckenwalder, J. E. (2009). Conifers of the World: The Complete Reference. Timber Press .Sell, P. D. (1990). Some new combinations in the British Flora. Watsonia 18: 92. Det eldste kjende fossilet av eit sedertre er Cedrus penzhinaensis frå tidleg krittid (Albian) i trefossil-sediment på Kamtsjatkahalvøya.

Bilde Vitskapleg namn Norsk namn Synonym Utbreiing Skildring Variantar Cedrus atlantica Atlasseder C. libani subsp. atlanticaAtlasfjella i Marokko og Algerie Mørkegrøn til blågrønt bar på 10–25 mm. Cedrus brevifolia Kyprosseder C. libani subsp. brevifolia, C. libani var. brevifolia Troodosfjella på Kypros Glinsande blågrønt bar på 8–20 mm. Cedrus deodara Himalayaseder – Stammar frå vestlege Himalaya Sterkt grønt til bleikgrønt, skinande grønt bar på 25–60 mm; konglane har lett kanta skjel. Cedrus libani Libanonseder – Stammar frå fjella i middelhavslanda i Det nære austen, Libanon og Tyrkia Konglane har glatte skjel. C. libani var. libani: Libanonseder, fjella i Libanon, Vest-Syria og sørleg-sentrale Tyrkia; mørkegrønt til blågrønt glinsande bar på 10–25 mm. C. libani var. stenocoma: tyrkisk seder, fjella i Sørvest-Tyrkia; glinsande blågrønt bar på 8–25 mm.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sederslekten» frå , den 22. september 2021.

Litteratur

A. Mitchell (1977). Trær i skog og hage. Oversatt av I. Gjærevoll. Tiden. s. 116–119. ISBN 82-10-01282-7.  A. Farjon (1990). Pinaceae: drawings and descriptions of the genera Abies, Cedrus, Pseudolarix, Keteleeria, Nothotsuga, Tsuga, Cathaya, Pseudotsuga, Larix, and Picea. Königstein: Koeltz Scientific Books. ISBN 3-87429-298-3. 

Bakgrunnsstoff

Kategori:Furufamilien Kategori:Planteslekter