«The Stars (Are Out Tonight)» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå det 24. studioalbumet hans, The Next Day i 2013. Den offisielle musikkvideoen til songen kom ut 25. februar 2013 og sjølve songen kom ut for digital nedlasting dagen etter. I Storbritannia vart han plassert på B-lista til BBC Radio 2 i mars 2013. Songen vart gjeven ut i lag med «Where Are We Now?» – den første singelen frå albumet – på ein avgrensa 7"-singel den 20. april 2013 i høve Record Store Day. I desember 2013 vart songen nominert til Grammyprisen for beste rockesong.
Komposisjon og mottaking I følgje Rolling Stone-skribenten Eric B. Danton, «startar songen med ein langs, tung rytme og guttural gitar som løyser seg opp i ei drivande basslinje toppa med gitarskår og atmosfærisk synthesizer, noko som minnar om god, gammal Bowie.»
Andrew Trendell i Gigwise skildra songen som ein «hard, men levande, klassisk Bowie-rockar i same stil som det strålande ‘Scary Monsters (and Super Creeps)’,» medan Billboard-kritikaren Eric B. Danton tolka det som «eit steg attende til alternativ rock for Bowie.»
Musikkvideo Den offisielle musikkvideoen for songen hadde premiere 25. februar 2013, og var regissert av den italiensk-kanadiske regissøren Floria Sigismondi. Videoen syenr Bowie og den engelske skodespelarinna Tilda Swinton som kona hans. Andreja Pejić og Saskia de Brauw dukkar opp som to kjendisar som forstyrrar livet til paret. Den norske modellen Iselin Steiro speler ein ung Bowie.
Salslister Liste (2013) PlasseringJapan Hot Overseas (Billboard)7 Mexico Ingles Airplay (Billboard) 36
Medverkande David Bowie: solovokal, akustisk gitar Gail Ann Dorsey: bassgitar, korvokal Janice Pendarvis: korvokal Gerry Leonard: gitar David Torn: gitar Tony Visconti: strykararrangement, blokkfløyte Zachary Alford: trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Stars (Are Out Tonight)» frå , den 23. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 2013 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Floria Sigismondi Kategori:Songar frå 2013 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Britiske alternative rockesongar