No Plan er ein EP som består av songar skrivne og spelte inn av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut posthumt den 8. januar 2017. Utgjevinga kom same dagen som ville ha vore 70-årsdagen til Bowie, nesten eitt år etter Bowie døydde. No Plan består av originale songar skrivne for Off-Broadway-musikalen Lazarus av Bowie, og inkluderte tittelsporet «Lazarus», «No Plan», «Killing a Little Time» og «When I Met You». Songane vart spelte inn av besetninga til musikalen og først gjeven ut på det offisielle albumet. Innspelingane på No Plan kom frå innspelinga til Bowie for det 25. studioalbumet hans, Blackstar, der «Lazarus» kom ut som det tredje sporet på albumet. Då No Plan kom ut debuterte det på 138. plassen på Billboard 200, og selde meir enn 5 000 eksemplar den første veka der. Musikkvideoen for tittelsporet kom ut samstundes med EP-en. Han var regissert av Tom Hingston.

Mottaking

EP-en fekk positive meldingar frå kritikarane. Exclaim!-kritkaren Calum Slingerland skreiv: «Ein skulle håpa planen for Bowie framover ville vera at han skulle unngå å falla i kategorien 'rockeikon med utalde posthume utgjevingar', men heldigvis for lyttarane held musikken på No Plan seg.» The Independent-skribenten Andy Gill sa: «Stemninga og den musikalske modusen på Blackstar held fram på desse spora, der tilbakegangen til Thomas Jerome Newton på frykteleg vis gjenspeglar Bowie sin.»

AllMusic-kritkaren Stephen Thomas Erlewine meinte spora på EP-en «gjev eit bittersøtt coda til comebacket til Bowie på 2000-talet», sjølv om «desse songane ikkje kjennest som ei overrasking». Alfred Soto i Spin skreiv: «Med to diskrete, men tilknytte musikalske eventyr som ★ og No Plan, forstod dei overlevande at sjølv det indirekte smakar betre med ein drope av det openberre.»

Innhald

Medverkande Personell frå plateomslaget til No Plan. Musikarar David Bowie – vokal, akustisk & Fender-gitar Donny McCaslin – saksofon, fløyte & treblåseinstrument Jason Lindner – piano, Wurlitzer-orgel & klaverinstrument Tim Lefebvre – bass Mark Guiliana – trommer & perkusjon Ben Monder – gitar

Produksjon David Bowie – produsent, miksing Tony Visconti – produsent, miksing, lydteknikar Tom Elmhirst – endeleg master Joe LaPorta – mastering Kevin Killen – lydteknikar Kabir Hermon – assisterande lydteknikar Erin Tonkon – assisterande lydteknikar Joe Visciano – assistent til Tom Elmhirst

Design Barnbrook – design DSS – stjernebilete på framsida Jimmy King – biletet av Bowie

Salslister Liste (2017) PlasseringMexico Ingles Airplay (Billboard) 24UK Official Charts Singles92 +Årsliste (2017)PlasseringUK Official Chart Singles (Vinyl)1

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «No Plan av David Bowie» frå , den 29. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:EP-ar frå 2017 Kategori:David Bowie-EP-ar Kategori:Columbia Records-album Kategori:Sony Records-album Kategori:Album produserte av Tony Visconti Kategori:Album produserte av David Bowie