«Wig-Wam Bam» er ein song av det britiske glamrockbandet The Sweet, skriven av låtskrivarane Nicky Chinn og Mike Chapman, og gjeven ut på singel i september 1972. Det var den første Sweet-singelen der bandmedlemmane faktisk spelte instrument, sidan produsenten Phil Wainman på trommer, og studiomusikarane John Roberts og Pip Williams (seinare produsent for Status Quo) på bass og gitar, spelte på dei tidlegare singlane deira.
Teksten på songen var inspirert av Henry Longfellow-diktet Hiawatha frå 1855.Wig-Wam Bam - Sweet: Listen, Appearances, Song Review - AllMusic Diktet fortel soga om den amerikanske indianaren Hiawatha og kjærasten Minnehaha. Teksten refererer òg til Running Bear og kjærasten Little White Dove, to karakterar frå songen «Running Bear» frå 1959 av av Jiles Perry Richardson.
Songen var ein ny stil for bandet, og vert ofte rekna som den første glamrocksingelen deira. Det var òg den første Sweet-singelen der bassisten Steve Priest song somme partar på solovokal: «try a little touch, try a little too much» i refrenget. Dette vart sidan ein viktig del av stilen til Sweet og på dei fleste av dei seinare singlane sine brukte dei denne teknikken. Etter at songen vart ein hit, byrja Sweet å bruke glam-imaget og byrja å gå med glitter, indianske klede og sminke.
Medverkande Brian Connolly - solovokal Steve Priest - bassgitar, korvokal, solovokal Andy Scott - gitar, korvokal Mick Tucker - trommer, korvokal
Salslister Songen nådde fjerdeplassen på den britiske singellista i september September 1972.
Andre versjonar I 1986 vart ein versjon av det engelske popbandet Black Lace gjeven ut på singel og nådde 63. plassen på den britiske singellista. I 1989 vart ein versjon av den engelske popartisten Damian gjeven ut på singel og nådde 49. plassen på den britiske singellista. I 2000 spelte det kvinnelege rockebandet The Donnas inn ein versjon (med annan tekst og ingen referansar til HiwawathaThe Donnas—Wig-Wam Bam lyrics) for samleplatene Runnin' on Fumes!/The Gearhead Magazine Singles CompilationRunnin' On Fumes! - The Gearhead Magazine Singles Compilation og Blockbuster: A 70's Glitter Glam Rock Experience.Blockbuster: A 70's Glitter Glam Rock Experience Han kom ut på singel i 2002. I 2010 spelte det kvinnelege finske hardrockbandet Barbe-Q Barbies ut songen på albumet All over You.Barbe-Q Barbies — Nordic Metal Barbe-Q-Barbies – All Over You
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wig-Wam Bam» frå , den 2. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:The Sweet-songar Kategori:Songar om urfolk Kategori:Songar skrivne av Mike Chapman Kategori:Songar skrivne av Nicky Chinn Kategori:Songar produserte av Phil Wainman Kategori:RCA Records-singlar