«Fox on the Run» er ein song av det britiske bandet Sweet, først spelt inn i 1974. Det var den første Sweet-singelen dei hadde skrive sjølg, i staden for produsentane Nicky Chinn og Mike Chapman, og den 14. singelen deira totalt. «Fox» er eit slangord for ei attraktiv kvinne på engelsk og teksten handlar om ein av groupie-ane til bandet. Bomp! kalla songen «ei definitiv hardrock tyggegummi-singel» og «ein av dei siste glitter-klassikarane».
Det vart spelt inn to versjonar av Sweet. Den originale versjonen vart produsert av Mike Chapman i lag med Nicky Chinn for den europeiske utgåva av albumet Desolation Boulevard. Sweet spelte òg inn ein meir pop-orientert versjon som 7"-singel i 1975, som er den meir kjende versjonen av songen. Singelversjonen frå 1975 kom ut på Capitol Records-utgåva av Desolation Boulevard.
Songen gjorde det særs godt i Australia og låg seks veker på toppen av lista der, mellom august og september 1975. Det vart den bestseljande singelen i Australia det året..
Songen er med i fleire filmar, inkludert Dazed and Confused, Detroit Rock City, When in Rome, Catch .44, Lords of Dogtown og The Goods: Live Hard, Sell Hard. Han er òg nytta i traileren for Guardians of the Galaxy Vol. 2 som førte til at songen gjekk til topps på iTunes Rock Chart seint i 2016.
Salslister
Vekeslister Liste (1975–76)PlasseringAustralia 1Austerrike 3Canada 2Danmark 1Finland 10Tyskland1Irland2Nederland (Single Top 100)2New Zealand3Noreg 2Sør-Afrika (Springbok Radio)1Sverige 10Sveits 3UK 2U.S. Billboard Hot 1005U.S. Cash Box Top 1005
Årslister Liste (1975)PasseringAustralia1Nederland19New Zealand12Sør-Afrika2 Liste (1976)PasseringCanada37UK37US Billboard Hot 10076US Cash Box63
Medverkande
Brian Connolly – solovokal Steve Priest – bass, solovokal, korvokal Andy Scott – gitar, synthesizer, korvokal Mick Tucker – trommer, perkusjon, korvokal
Scorpions-versjonen
«Fuchs geh' voran» er ein tyskspråkleg versjon av songen med ein tekst om ein rev som vert jaga av pelsjegerar. Han kom ut på singel i 1975 av det tyske rockebandet Scorpions som The Hunters. B-sida var ein tyskspråkleg versjon av ein annan Sweet-song, «Action», som «Wenn es richtig losgeht».
Andre versjonar Mange artistar og grupper har spelt denne songen, som The Regrettes (for AV Undercover-serien) Eric Singer, Girlschool, Red Hot Chili Peppers, You Am I, Mad Max, Deadsy, Frankenstein Drag Queens from Planet 13, Ace Frehley, Make-Up, The Academy Is..., Sweet Savage, og Nip Drivers for Desperate Teenage Lovedolls. Ei innspeling frå 1986 av The Replacements kom ut i 2017 på konsertalbumet For Sale: Live at Maxwell's 1986.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fox on the Run (Sweet song)» frå , den 2. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Sweet-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Nummer-ein-singlar i Tyskland Kategori:Nummer-ein-singlar i Sør-Afrika Kategori:Songar skrivne av Andy Scott Kategori:Songar skrivne av Brian Connolly Kategori:Songar skrivne av Steve Priest Kategori:Songar skrivne av Mick Tucker Kategori:Songar produserte av Mike Chapman Kategori:Britiske power pop-songar