Cut Above the Rest er det sjuande studioalbumet av det engelske glamrockbandet Sweet, gjeve ut på Polydor Records i oktober 1979. Det var den første albumutgivinga deira etter at den originale solovokalisten Brian Connolly slutta. Connolly hadde byrja å spela inn dette albumet med bandet i TownHouse Studio i Shepherd's Bush i London, men vokalen hans vart deretter fjerna og erstatta av vokal frå bassist Steve Priest og gitaristen Andy Scott. Originale opptak av «Play All Night» og «Stay With Me» (òg kjend som «Log One/That Girl») med vokalen til Connolly er vorte retta opp att og gjeve ut på den samleplata Platinum Rare.

Cut Above the Rest vart gjeve ut med to forskjellige omslag: eit for USA/Canada/Japan/Storbritannia og eit anna (ei treutskjering av andleta til dei tre medlemmane) for Europa.

Mottaking

I si retrospektive melding skildra AllMusic Cut Above the Rest som «ein bisarr kombinasjon av den hardrockande popen som dominerte klassiske Sweet-singlar med dei progressive påfunna til 10cc/ Electric Light Orchestra, pluss somme tilbakelente softrock-balladar kasta inn for å dekke alle pop/rock-basene.» Dei meinte at somme av utfalla i denne mengda av stilartar var katastrofale, men at dei sterkare spora var særeigne og overtydande nok til å gjere albumet som heilskap minneverdig, om enn «for uberekneleg» for tilfeldige lyttarar.

Innhald Alle songane skrivne og komponerte av Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker utanom der andre er nemnde.

Medverkande Steve Priest - bass, munnspel, solovokal, korvokal Andy Scott - gitar, synthesizer, solovokal, korvokal Mick Tucker - trommer, perkusjon, solovokal, korvokal

Andre medverkande Louis Austin - lydteknikar Norman Goodman - plateomslag Eddie Hardin - soloist Gary Moberley - komponist, piano Geoff Westley - arranger, piano

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cut Above the Rest» frå , den 3. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Sweet-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Polydor Records-album