Anne-Katrine Hegna Hærland () er ein norsk komikar og programleiar, kjend frå humorprogrammet Nytt på nytt på NRK. I 2005 gav ho ut den humoristiske boka Krig og fred og religion og politikk og sånn, og i 2007 gav ho saman med Eyvind Hellstrøm ut kokeboka Inn med sølvskje: bagatellemat gjort forståelig. Ho har òg arbeidd som standup-komikar og hatt fleire sceneshow. Bakgrunn Hærland byrja å jobbe som lysteknikar i NRK i 1993. Deretter blei ho tilsett i NRKs U-redaksjon og jobba der i om lag ein månad. Hausten 1996 debuterte ho som programleiar i serien Direkte lykke som gjekk på NRK2. Hausten 1997 blei ho programleiar i sitt eige show, Bombay Surprise (NRK2), og deretter i programmet Bla, bla, bla i 2000.
Hærland er særleg kjend for deltakinga si i Nytt på nytt, der ho var fast paneldeltakar saman med Knut Nærum og Jon Almaas frå 1999 til 2007. Ho fekk publikumsprisen for Nytt på nytt under Gullruten 2007. I 2012 slutta ho i NRK etter 15 år og gjekk til TVNorge, der ho fekk sitt eige talkshow, Anne-Kat. Talkshowet hadde premiere våren 2013, men hadde låge sjåartal. Den 2. mars 2016 blei det kjent at TVNorge ikkje ville fornye kontrakten med Hærland når ho gjekk ut. Hausten 2013 var ho igjen å sjå som paneldeltakar i Nytt på nytt på NRK. Etter avtale med Knut Nærum skulle ho saman med han danne eit reint Halden-panel.
På scena Hærland har òg opptredd som standup-komikar i fleire år og har vunne klassen beste standup-artist under Komiprisen 2003, 2006 og 2009. I 2003 hadde ho stor suksess med einmannsframsyninga Jeg er ikke Dina, og i 2006 og 2007 var ho aktuell med framsyninga Tatt av vinen. I 2008 var Hærland aktuell med framsyninga Gift, men ingen fanatiker på Latter i Oslo. I 2012 kom ho med nytt show: Jakten på Ærligheten. Hausten 2013 var det sett opp til saman 201 framsyningar. I 2024 og 2025 er ho aktuell med showet Don't Panic! En guide til kunstig intelligens. Showet handlar om kunstig intelligens, noko Hærland har vore lidenskapeleg oppteken av sidan 2022.
Familie og privat Hærland er barnebarn av politikaren og redaktøren Trond Hegna.
Hærland fekk ein del merksemd i 2003 då ho køyrde bil i alkoholpåverka tilstand og kolliderte. For dette blei ho i 2004 dømd til 30 dagar fengsel, ei bot på 90 000 kroner og miste førarkortet i to år. Ho hadde ei promille på 1,26 og kolliderte to gonger: éin gong med ein parkert bil og éin gong med ein bil der det sat to personar. Under Nytt på nytt 14. november 2003 blei fyllekøyringa til Hærland vitsa med, noko fleire reagerte negativt på. Hærland beklaga hendinga og sa: «Det er som eit lite mareritt. Personleg er eg berre veldig lei meg.»
I 2007 gifta ho seg med journalisten Espen Hauglid. Dei blei skilde i 2009. I 2017 gifta ho seg med musikaren og tidlegare ungdomskjærasten Kåre «João» Pedersen. Dei blei skilde i 2021.
I 2016 blei det kjent at ho hadde augesjukdomen retinitis pigmentosa. Ho fekk diagnosen på midten av 1990-talet. Sjukdomen gjer synet hennar gradvis dårlegare, og når det er mørkt kan ho nesten ikkje sjå. Ho kan heller ikkje lenger køyre bil. Til sjøs I februar 2015 blei det kjent at ho skulle segle til Antarktis med Jarle Andhøy i den nye båten hans etter tapet av «Berserk II». Seglasen blei filmatisert og sendt på TVNorge under tittelen Berserk – i pionerenes farvann. Etter at Andhøy blei tiltalt for brot på meldeplikta i samband med seglasane sine til Antarktis, måtte Hærland vitne i retten i februar 2016.
Prisar og utmerkingar I 2014 blei Hærland tildelt Christian Sandsdalen-prisen for sitt bidrag og engasjement. Prisen blir delt ut av «Foreningen Retten til en verdig død».
Våren 2022 blei Hærland tildelt heidersprisen under Gullruten 2022.
Programleiarjobbar Direkte Lykke på NRK2 (1996) Bombay Surprise på NRK2 (1997) Absolutt på NRK P1 (1998) Herreavdelingen på NRK P1 Nytt på nytt på NRK1 (1999–2007) Bla, bla, bla (2000) Anne-Kat. ser på TV på NRK1 (2009–2010) Lyngbø og Hærlands Big Bang på NRK1(2010–2011) Anne-Kat. på TVNorge (2013)
Kjelder
Bakgrunnsstoff Anne-Kat. Hærland hjå NRK.
Hærland, Anne-Kat Hærland, Anne-Kat Hærland, Anne-Kat Kategori:Vinnarar av Gullrutens heiderspris Kategori:Folk frå Oslo