mini|Forfattaren Moa Martinson Moa er eit kvinnenamn som særleg har vorte nytta i Sverige. Det kan kome av eit kjælenamn for mor. Denne bruken av Moa kjenner ein særleg frå det svenske bondesamfunnet. I Sverige er bruken av namnet heller nytt. I 1975 var det berre 66 kvinner som hadde Moa som fornamn. Den aukande populariteten til namnet kan førast attende til forfattaren Moa Martinson. Ho døydde i 1964, men på 1970-talet vart ho henta fram av kvinnerørsla i Sverige.

31. desember 2008 var det 14 044 personar i Sverige med namnet Moa. I Noreg har namnet vorte meir vanleg. I oktober 2021 er det 156 kvinner som har Moa som første fornamn. Moa vert og brukt som etternamn.

Kallenamnet Moa vert ofte brukt om fotballspelaren Mohammed Abdellaoue.

Namneberarar Moa Hjelmer, svensk friidrettsutøvar. Moa Högdahl, norsk handballspelar.

I Sverige har Moa namnedag 18. november

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Moa» frå , den 5. oktober 2021.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Svenske førenamn