«Thanks for the Memory (Wham Bam Thank You Mam)» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1975 som ein singel utan album. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen nådde sjuandeplassen på den britiske singellista og låg inne på lista i sju veker.

Singelen var den første nye singelen deira etter filmen Slade in Flame. I dei to første vekene etter singelen kom ut, selde han 200 000 eksemplar.Slade Fan Club Newsletter June–July 1975

B-sida til singelen var «Raining in My Champagne», som var eksklusiv til singelen og kom seinare ut på samleplata B-Sides i 2007. Sjølv om songen i utgangspunktet var ein singel utan album andre stader, kom han ut på den amerikanske Warner Bros. Records-utgåva av albumet Slade in Flame i 1975.

Det vart filma ein musikkvideo for singelen, som var regissert av anten Gavrik Lasey eller Richard Loncraine. Videoen syner bandet som framfører songen medan Holder går kledd i ei raud- og gulprikka jakke eit stort kipper-slips, medan gitaristen Dave Hill går kledd i svart cowboy-kostyme.Slade International Fan Club newsletter June–July - August 1986 I Storbritannia framførte bandet songen på musikkshowet Top of the Pops og barneshowet Shang-a-Lang.

Innhald 7"-singel «Thanks for the Memory (Wham Bam Thank You Mam)» - 4:30 «Raining In My Champagne» - 4:12

Salslister Liste (1975)PlasseringDen austerrikske singellista12Den tyske singellista13Irish Singles Chart3Den norske VG-lista5UK Singles Chart7

Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal, gitar Dave Hill - sologitar, korvokal Jim Lea - keyboard, bass, korvokal Don Powell - trommer

Andre medverkande Chas Chandler - produsent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thanks for the Memory (Wham Bam Thank You Mam)» frå , den 10. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Slade-songar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Chas Chandler Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Polydor Records-singlar