Sjå òg mynteininga botswansk pula.

Pula (italiensk og venetiansk Pola, istriotisk Puola, slovensk Pulj, ungarsk Póla) er ein by og ein bykommune i fylket Istria i Kroatia. Sjølv om Pazin er fylkeshovudstad, held fylkesregjeringa til i Pula.

mini|venstre|Det romerske amfiteateret i Pula.

Frå 1800-talet og gjennom den første verdskrigen var Pula hovudkvarter for den austerriksk-ungarske marinen.

Som resten av området har byen eit mildt middelhavsklima, roleg sjø og urørt natur. Byen har lange tradisjonar for vinproduksjon, fiske, skipsbygging og turisme. Pula har òg vore det administrative senteret i Istria sidan antikken.

Folketal

Den einaste busetnaden i kommunen ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Pula / Pola 58 594 57 460 52 220 Kommunen Pula / Pola 58 594 57 460 52 220

Kjelder Referansar

Kategori:Byar og tettstader i Istria fylke Kategori:Bykommunar i Istria fylke