mini|Portrett av Vasilisa Kozjina Vasilisa () er eit russisk kvinnenamn av gresk opphav (, basilissa), med tydinga 'dronning' eller 'keisarinne'. Det er den kvinnelege forma av Vasilij, som svarer til det vestlege Basil.Satran and Rosenkrantz (2007), s. 285

Namnet blei utbreidd på grunn av den kristne barnemartyren Vasilissa frå 200-talet, og andre tidlege helgenar i den ortodokse og katolske kyrkja. Det var også namnet til fleire tidlege priscesser.

I russisk folkeminne er Vasilisa eit typisk namn på ein eventyrhelt, ofte kalla «Vasilisa den vise» eller «Vasilisa den vene». Heltinna heiter Vasilisa i dei kjente eventyra Froskeprinsessa og Vasilisa den vene. Figurar med dette namnet stig ofte i verda frå å vera ei enkel bondejente til å bli gift med ein prins eller ei prinsesse som giftar seg med helten etter å ha hjelpt han med vanskelege oppgåver. Til forskjell frå mange passive heltinner utfører Vasilisa ofte ei rekkje oppgåver som hjelper henne til å nedkjempa skurken i soga.Tatar (2002)

Kjende namneberarar Vasilisa Kozjina (ca. 1780—ca. 1840), russisk geriljaleiar under Napoleonskrigane Vasilisa Bardina, russisk tennisspelar Vasilisa Berzjanskaja, russisk opera-mezzosopran Vasilisa Davankova, russisk isdansar Vasilisa Davydova, russisk tennisspelar Vasilisa Forbes, russisk filmregissør Vasilisa Kaganovskaja, russisk isdansar Vasilisa Marzaliuk, kviterussisk brytar Vasilisa Sementsjuk, russisk freestyle-skirennar Vasilisa Volodina, russisk programleiar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vasilisa (name)» frå , den 18. oktober 2021. oppgav desse kjeldene: Satran, Paula Redmond, and Rosenkrantz, Linda (2007). Baby Name Bible. St. Martin's Griffin. Tatar, Maria (2002). The Annotated Classic Fairy Tales. W.W. Norton and Company.

Kategori:Russiske fornamn Kategori:Kvinnenamn Kategori:Namn knytte til rang