mini|Oppskoren sitronkake i bundtform. mini|Sitronkake med mandlar og melisdryss Sitronkake er ei kake smaksett med sitron. Ein kan bruka både sitronjus og sitronskal, i sjølve kaka, i fyllet og til glasur.

Vanlege sitronkaker er formkake med glasur, som gjerne er kvit og ligg i eit lag oppå kaka. Den eldste kjende norske oppskrifta på slik sitronkake er frå 1835. Ein variant av kaka er engelsk lemon drizzle cake, der glasuren er litt rennande og blir helt over kaka medan ho er varm. Det finst også variantar utan glasur.

Sitronkaker er vanlege på kafear. Fleire av dei blir også selde ferdiglaga i butikkar. Eit dansk døme på dette er citronmåne, som blir laga av Dan Cake.

Ulike sitronkaker

Ein kjent japansk sitronkakevariant har form som ein sitron. Denne finst som ein spesialitet ein kan kjøpa i pakkar. Lemon bar eller lemon square, kake av shortbread fylt med sitronkrem. Lemon chiffon cake er ei svært lett kake som kan innehalda saft og skal av sitron.Lemon Chiffon Cake. Huffington Post. Lemon ice box pie er ein dessert laga av sitronjus, egg og kondensert mjølk i paideig,The Dinner Doctor – Anne ByrnScreen Doors and Sweet Tea: Recipes and Tales from a Southern Cook – Martha Hall Foose ofte laga av grahamkjeks og smør.The Southern Foodie: 100 Places to Eat in the South Before You Die (and the Recipes That Made Them Famous) – Chris Chamberlain Sitronterte er ei terte fylt med sitronkrem og eventuelt marengs. Ein variant med marengs er lemon meringue pie. Limonnik er ei ukrainsk sitronkake laga utan egg. Madeira cake er ei britisk sitronkake utan glasur, men som kan pyntast med sitronskal Shaker Lemon Pie – sitronpai utvikla av den religiøse gruppa kjend som shakers. Sussex Pond Pudding – traditsjonell engelsk pudding laga med ein heil sitron inni ister-paideig.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kake Kategori:Sitronretter