Italia debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. I 2022 deltok Italia for 47. gong, om ein ikkje reknar med den avlyste 2020-utgåva. Italia er eitt av dei fem store landa – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifisert til finalen på grunn av sine store økonomiske bidrag til tevlinga. Italia har vunne Eurovision Song Contest tre gongar: 1964, 1990 og 2021. Italia har kome på sisteplass éin gong, i 1966. Italia har halde seg borte frå Eurovision Song Contest i åra 1981–1982, 1986, 1994–1996 og 1998–2010, men etter returen i 2011 har Italia vore blant dei ti beste åtte gongar, seinast med sigeren i 2021.

Italias eigne songtevling, San Remo-festivalen frå 1951, er opphavet til Eurovision Song Contest, og ei rekkje av San Remo-vinnarane har representert Italia i Eurovision Song Contest. Landet har levert fleire slagerar og hitar til Eurovision Song Contest, der tredjeplassen til Domenico Modugno «Nel blu dipinto di blu» frå 1958 er den mest kjende. Under namnet «Volare» vart songen ein stor internasjonal slager og nådde førsteplassen på den amerikanske Billboard-lista. Vinnaren frå 1964, Gigliola Cinquetti og «Non ho l'età», vart også ein slager over heile Europa, det same gjorde låtar som «Piove» (1959), «Era» (1975), «Non so che darei» (1980) og «Gente di mare» (1987).

Fråværet 1990- og 2000-åra har ført til at Eurovision Song Contest er ei relativ ukjent tevling i Italia, særleg blant yngre italienarar. Då Italia returnerte i 2021, var sjåartala låge, men mot slutten av 2010-åra auka antall sjåarar og marknadsandelen til rundt 20 prosent. Den aukande interessa skuldast at kjende og populære artistar har representert Italia, og at kringkastaren Rai flytta finalen til sin flaggskipkanal, Rai 1. Då Italia vann i 2021, vart finalen sett av rekordhøge 4,5 millionar sjåarar og ein marknadsdel på 25 prosent.

Historikk Det er ålmennkringkastaren Rai som har ansvaret med å velje ut det italienske bidraget til Eurovision Song Contest. Italia var eitt av sju land som var med på å starte Eurovision Song Contest, og det var Rai si eiga musikktevling, San Remo-festivalen, som var inspirasjonen til Eurovision Song Contest.

Fråvær og retur Fram til 1981 var Italia ein trufast deltakar i Eurovision Song Contest, men utover 1980- og 1990-talet sto Rai over tevlinga ved ei rekkje høve. Etter 1997 forsvann Italia fra Eurovision Song Contest og kom ikkje tilbake igjen før i 2011, fjorten år seinare. Årsaka til dei mange fråværa har av Rai vorte forklart med dalande sjåartal og laber interesse blant italienske musikarar.

I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunionen ei ordning som sikra at dei fire største økonomiske bidragsytarane fekk automatisk innpass i Eurovision-finalen. Gruppa vart kalla dei fire store og bestod av Tyskland, Storbritannia, Spania og Frankrike. Då Italia kom tilbake til Eurovision Song Contest i 2011, gjekk Italia inn blant dei fire store – som dimed vart utvida til dei fem store. Italia har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest. Italia har arrangert Eurovision Song Contest to gongar, i Napoli i 1965 og i Roma i 1991.

Fleire suksessar Italia har jamt over vore eit svært suksessrikt land i Eurovision Song Contest. Landet har tre sigrar, tre andreplassar og fem tredjeplassar. Italia har også levert fleire store slagerar til tevlinga, blant andre «Gente di mare» (1987), «Non ho l'età» (1964) og «Non so che darei» (1980). Den mest kjende er nok likevel tredjeplassen frp 1958, «Nel blu dipinto di blu» – betre kjend som «Volare». Under jubileumsprogrammet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest, vart «Nel blu dipinto di blu» kåra til den nest største Eurovision-hiten gjennom tidene, berre slått av ABBA og songen «Waterloo» frå 1974.

Etter returen i 2011 har Italia fortsett å gjere det bra i Eurovision Song Contest og har kome blant dei ti beste ni gongar sidan – inkludert éin siger, to andreplassar og ein tredjeplass. Suksessen skuldast blant anna at Italia har sendt store, nasjonale stjerner som Marco Mengoni, Francesco Gabbani, Mahmood og gruppene Il Volo og Måneskin.

Bidraga År Artist Song Språk Finalen Plass Poeng 1956 Franca Raimondi «Aprite le finestre» Italiensk rowspan="2" rowspan="2" Tonina Torrielli «Amami se vuoi» 1957 Nunzio Gallo «Corde della mia chitarra» Italiensk 6 7 1958 Domenico Modugno «Nel blu dipinto di blu» Italiensk 3 13 1959 Domenico Modugno «Piove (Ciao, ciao bambina)» Italiensk 6 9 1960 Renato Rascel «Romantica» Italiensk 8 5 1961 Betty Curtis «Al di là» Italiensk 5 12 1962 Claudio Villa «Addio, addio» Italiensk 9 3 1963 Emilio Pericoli «Uno per tutte» Italiensk 3 37 1964 Gigliola Cinquetti «Non ho l'età» Italiensk 1 49 1965 Bobby Solo «Se piangi, se ridi» Italiensk 32 1 1966 Domenico Modugno «Dio, come ti amo» Italiensk 17 0 1967 Claudio Villa «Non andare più lontano» Italiensk 11 4 1968 Sergio Endrigo «Marianne» Italiensk 10 7 1969 Iva Zanicchi «Due grosse lacrime bianche» Italiensk 13 5 1970 Gianni Morandi «Occhi di ragazza» Italiensk 8 5 1971 Massimo Ranieri «L'amore è un attimo» Fransk 5 91 1972 Nicola di Bari «I giorni dell'arcobaleno» Italiensk 6 92 1973 Massimo Ranieri «Chi sarà con te» Italiensk 13 74 1974 Gigliola Cinquetti «Si» Italiensk 2 18 1975 Wess og Dori Ghezzi «Era» Italiensk 3 115 1976 Al Bano og Romina Power «We'll Live It All Again» Engelsk og italiensk 7 69 1977 Mia Martini «Liberta» Italiensk 13 33 1978 Ricchi e Poveri «Questa amore» Italiensk 12 53 1979 Matia Bazar «Raggio di luna» Italiensk 15 27 1980 Alan Sorrenti «Non so che darei» Italiensk 6 87 colspan="6" data-sort-value="zzzzz" 1983 Riccardo Fogli «Per Lucia» Italiensk 11 41 1984 Alice og Battiato «I treni di Tozeur» Italiensk 5 70 1985 Al Bano og Romina Power «Magic Oh Magic» Italiensk og engelsk 7 78 colspan="5" 1987 Umberto Tozzi og Raf «Gente di mare» Italiensk 3 103 1988 Luca Barbarossa «Vivo (Ti scrivo)» Italiensk 12 52 1989 Anna Oxa og Fausto Leali «Avrei voluto» Italiensk 9 56 1990 Toto Cutugno «Insieme: 1992» Italiensk 1 149 1991 Peppino di Capri «Comme è ddoce 'o mare» Napolitansk-kalabresisk 7 89 1992 Mia Martini «Rapsodia» Italiensk 4 111 1993 Enrico Ruggeri «Sole d'Europa» Italiensk 12 45 colspan="6" data-sort-value="zzzzz" 1997 Jalisse «Fiumi di parole» Italiensk 4 114 colspan="6" data-sort-value="zzzzz" 2011 Raphael Gualazzi «Madness of Love» Italiensk og engelsk 2 189 2012 Nina Zili «L'amore è femmina (Out of Love)» Engelsk og italiensk 9 101 2013 Marco Mengoni «L'essenziale» Italiensk 7 126 2014 Emma Marrone «La mia città» Italiensk og engelsk 21 33 2015 Il Volo «Grande amore» Italiensk 3 292 2016 Francesca Michielin «No Degree of Separation» Italiensk og engelsk 16 124 2017 Francesco Gabbani «Occidentali's Karma» Italiensk 6 334 2018 Ermal Meta og Fabrizio Moro «Non mi avete fatto niente» Italiensk 5 308 2019 Mahmood «Soldi» Italiensk og arabisk 2 472 Diodato «Fai rumore» Italiensk colspan="4" 2021 Måneskin «Zitti e buoni» Italiensk 1 524 2022 Mahmood og Blanco «Brividi» Italiensk 6 268 2023 Marco Mengoni «Due vite» Italiensk 4 350 2024 Angelina Mango «La noia» Italiensk 7 268 2025 Lucio Corsi «Volevo essere un duro» Italiensk 5 256 2026 «» Italiensk og napolitansk-kalabresisk

Røystehistorikk (1956-2021)

+ Italia har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 151 02 130 03 120 04 118 05 107

+ Italia har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 242 02 228 03 213 04 194 05 189

Galleri

Eurovision Song Contest i Italia År Stad Arena Programleiarar 1965 Napoli Sala di Concerto della Rai Renata Mauro 1991 Roma Cinecittà Gigliola Cinquetti og Toto Cutugno 2022 Torino Pala Alpitour Laura Pausini, Alessandro Cattelan og Mika

Sjå òg Italia i Junior Eurovision Song Contest

Referansar

Kjelder

Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Italia i Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Italia i Eurovision Song Contest» frå , den 28. oktober 2021.

Kategori:Italia i Eurovision Song Contest Kategori:Land i Eurovision Song Contest