Italiensk salat er i norsk tradisjon ein salat av strimla grønsaker og kjøt i majones. Han blir mykje brukt som pålegg.

Namnet skal koma frå at salaten inneheld dei tre fargane i det italienske flagget. Ein dansk variant av italiensk salat inneheld «raud» gulrot, grøne erter og kvit majones.

Historie Det finst norske oppskrifter på italiensk salat frå 1830-talet av. Ei oppskrift frå 1833 inneheld «Spegepølse i tynde Skiver, [...], Citronskiver, som Skallen og Kjærnerne ere tagne fra, [...] Østers, Oliven, Capers, hakkede Anschovis, Eddik, Olive og Peber.» Ei oppskrift frå 1846 inneheld kalkun eller høns i strimlar, asparges, potet, reker, oliven og kapers. Dressingen er laga av kokt eggeplomme, sukker, sennep, fløyte og eventuelt olje, eddik og madeiravin. Salaten blir pynta med karse, reker, oliven, raudbete og ansjos i strimlar.

Ei oppskrift på italiensk salat frå 1920 minnar meir om russisk salat med kokte, kalde grønsaker som gulrot, selleri og persillerot skorne i terningar, tilsett grøne erter og majonessaus og pynta med salat, persille eller karse. Kolde anretninger til frokost- og aftensbordet av Hedvig Irgens frå 1926 har fleire oppskrifter på italiensk salat, to med strimla ingrediensar og to med terningar.

Seinare er italiensk salat særleg blitt kjend som eit ferdig produkt ein kan kjøpa i butikkar. Delikat Fabrikker (no del av Mills) hadde italiensk salat som sitt største produkt. Delikat-salaten er laga av kål og gulrot i strimlar med ei dressing av mellom anna majones, og minner mykje om coleslaw.

Sjå òg Antipasto, italiensk forrett Caprese, ein kjend italiensk salat Panzanella, toscansk brødsalat

Kjelder

Kategori:Salatar Kategori:Pålegg Kategori:Norsk mat