Niviaq Korneliussen () er ein grønlandsk forfattar. Korneliussen er fødd i Nuuk og vaks opp i den sørgrønlandske byen Nanortalik. Ho har studert samfunnsvitskap ved Grønlands Universitet i Nuuk, og psykologi ved Aarhus Universitet.
Det første ho fekk publisert som forfattar var novella «San Francisco», som vart trykt i antologien Ung i Grønland — ung i Verden. Debutromanen var Homo sapienne frå 2014. Han hadde tema om LHBT og Grønland. Romanen var skriven på grønlandsk og omsett til dansk av forfattaren sjølv. For romanen vart ho nominert til Nordisk Råds Litteraturpris 2015. Han har vore oppført som teaterstykke og er omsett til meir enn ti språk.
Korneliussen gav ut romanen Blomsterdalen, på grønlandsk Naasuliardarpi, i 2020. Romanen handlar om sjølvmord mellom grønlandske unge. For denne vann ho Nordisk Råds litteraturpris i 2021. Boka vart og nominert til Politikens Litteraturpris 2020 og Montanas Litteraturpris 2020.
Bibliografi HOMO sapienne - (2014) Naasuliardarpi (Blomsterdalen) - 2020
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Niviaq Korneliussen» frå , den 7. november 2021.
Kategori:Folk frå Nuuk Kategori:Grønlandske forfattarar Kategori:Vinnarar av Nordisk råds litteraturpris Kategori:Nanortalik