Pernille Sørensen () er ein norsk komikar og skodespelar.

Sørensen er fødd i Bærum. Ho studerte i perioden 1998–2002, har medievitskap og statsvitskap mellomfag frå NTNU, og har studert stat og politikk i Midtausten og Nord-Afrika ved UiO.

Ho har jobba mykje innanfor humorsjangeren både på scena, TV og radio. Ho er ein av skaparane og skodespelarane i den norske humorserien Melonas som gjekk på NRK1 frå 2002 til 2006. Ho er òg kjend frå andre program på NRK, blant anna som paneldeltakar i 20 spørsmål og Løvebakken og for enkelte roller i Uti vår hage.

Sørensen fekk prisen som årets nykommar under Komiprisen 2003. Ho hadde ei statistrolle i Hotel Cæsar hausten 2001 som TV-reporter. Hausten 2009 spelefilmdebuterte ho i Knerten, som vart regissert av Åsleik Engmark. Ho spelte òg i oppfølgjaren, Knerten gifter seg, i 2010. Våren 2011 hadde TV-serien Åse Tonight premiere på NRK med Sørensen som manusforfattar og hovudrolleinnehavar. Frå hausten 2013 spelte ho rolla som Lisbeth Berg i TV-serien Side om side på NRK1. Februar 2015 tok ho over etter Ingrid Gjessing Linhave som fast paneldeltakar i Nytt på Nytt. Under Komiprisen 2016 vann ho publikumsprisen årets morosamaste.

Sørensen har òg opptredd på scena «Latter», der ho er tilsett. I 2001 var ho med på «Julegalla i Olavshallen» og «Stand Up Komiske Leker» i 2002. I september 2010 hadde ho premiere på sitt soloshow Flink Pike, som mottok god kritikk i dagspressa. Utover dette har ho òg vore med på «3 Fantastiske Mennesker» og «Lattergalla». I 2018 hadde ho soloførestillinga «Kultur».

Sørensen er gift med komikaren Dagfinn Lyngbø.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pernille Sørensen» frå , den 9. november 2021.

Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Norske komikarar