Lisa Tønne () er ein norsk standupartist, programleiar og skodespelar.

Bakgrunn og familie Tønne vart fødd under namnet Forozan Sadeghi Naser (فروزان صادقی ناصر) i Iran, og vart etter kort tid forlaten av foreldra i ei korg utanfor ein barneheim i Teheran. Ho var blant dei siste adoptivbarna frå Iran som vart adopterte til ikkje-muslimske adoptivforeldre. Ho vart adoptert av eit par frå Trondheim, der ho budde til ho var 16 år gammal.

Lisa Tønne gifta seg i 2007 med programleiaren Kyrre Holm Johannesen og har to barn.

Utdanning

1 år på Nordmøre Folkehøgskule 2 år på Solbakken folkehøgskole 2 år på Bårdar Akademiet

Karriere Tønne debuterte som standup-komiker på utestaden Lille i Oslo i 1999. Ho vart seinare programleiar i programmet Tur/retur på TVNorge. Ho hadde ei rolle under Turneen til Riksteateret med showet Skitt au, sjøl sola har flekker! og var musikalartist i musikalen The Space Vixens. Tønne spelte rolla Solfrid i TV 2-serien Seks som oss. Solo-standupshowet hennar med rollefiguren Ali Reza har gjeve ho ei rekkje oppdrag. Våren 2010 var Tønne deltakar i innslaget Camp Senkveld i TV 2-programmet Senkveld med Thomas og Harald.

Tusvik og Tønne vann publikumsprisen for årets morosamaste under Komiprisen 2015, og same år hadde dei både eit show på TV 2 og showa Tusvik & Tønne skammer seg! på Latter. Nettavisa har kåra henne til ein av Noregs 25 mest innverknadsrike personane på internett.

I 2020 var Tønne programleiar for dokumentarserien Håpets marked på NRK.

Podcast 11. oktober 2012 starta ho podcastprogrammet Tusvik & Tønne saman med Sigrid Bonde Tusvik

Podcasten har fått hard kritikk for å hengja ut einskildmenneske, utan å måtta forhalda seg til Vær Varsom-plakaten, som redaktørstyrte medium følgjer.

Hjernesvulst I 2013 fekk Tønne operert bort ein svulst på hjernen. Då ho vakna opp av narkosen viste det seg at ho hadde vorte lam i halve andletet.

TV-framferder

2020: Håpets marked (programleiar) (NRK) 2015: Tusvik & Tønne Talkshow (TV 2) 2015: Mitt Dansecrew (TV 2) 2014: Norske Talenter (TV 2) 2010: Camp Senkveld (TV 2) 2009: Ali Reza and the Rezas (TV 2) 2006: 9 av 10 nordmenn (medprogramleiar) (TV 2) 2004-05 & 2007: Seks som oss (Solfrid) (TV 2) 2002-03: Lørdan (spilte faste innslag som den pakistansk tenåring «Ali Reza») (NRK) 2001: Tur: Retur (medprogramleiar) (TVNorge)

Prisar og utmerkingar

2002 - Årets nykommer under Komiprisen 2002 2005 - Årets kvinnelege artist, revy og komedie under Komiprisen 2005 2015 - Publikumsprisen årets morosamaste under Komiprisen 2015 saman med Sigrid Bonde Tusvik

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lisa Tønne» frå , den 9. november 2021.

Kategori:Nordmenn av iransk opphav Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske komikarar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Programleiarar for TV Norge Kategori:Dragshow Kategori:Norske skodespelarar