mini|Figurar frå «Balkeby». Skipet er 33 cm frå baug til hekk. Turid Balke () var ein norsk skodespelar, regissør, barnebokforfattar og scenograf.
Turid Balke filmdebuterte i 1953 i den norske filmen Brudebuketten. Ho var sist kjend som den plagsame naboen fru Smith i Karl & Co på TV2.
Biografi
Teater Turid Balke scenedebuterte i 1952 og har vore tilsett ved Trøndelag Teater, Folketeatret og Chat Noir, og dessutan frilansoppdrag ved fleire scener, blant andre ved Sødra Teater i Malmø i 1959. Blant hennar tidlege teaterrollar kan ein nemna Petrea i Det lykkelige valg, Hilde i Fruen fra havet og Kvitugla i Olav Duuns Medmenneske. Ho har utover skodespelarkarrieren sin skrive og iscenesett ei rekkje stykke for barn, blant anna En modig mygg som ho blant anna sette opp på Nationaltheatret i 1972. Frå 1972 var ho saman med Pernille Anker med på å starta opp barneteaterverksemda ved Scene 7, og dei to starta i 1975 frilansgruppa Filiokusteatret, der Balke var ei drivande kraft fram til 1982.
Film og TV Turid Balke har òg gjort seg merka i fleire barnefilmar, blant anna i Ivo Caprinos Ugler i mosen frå 1959 og dei to Kamilla og tyven-filmane.
I 1963, 1964 og 1965 var ho programleiar for nokre av NRK TV sine barneprogram i serien I kosekroken; der framstod ho som Trollmor med ulike huslege syslar som å koka soppbrygg og stoppe sokkane til trollet Storfot.
Ho har utover det hatt biroller i ei rekkje norske filmkomediar slik som Lån meg din kone (1958), Sønner av Norge (1961), Alle tiders kupp (1964) og Noe helt annet (1985). Ho hadde òg ei lita birolle i den amerikanske action-eventyr-filmen Den 13. krigeren frå 1999.
Biletkunstnar, forfattar og skapar av «Balkeby» Turid Balke hadde òg utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole og både måla og laga fargerike treleiker, som gnavbrikker, små hus og figurar i det ho kalla «Balkeby», inspirert av Kirkenes frå barndommmen hennar.Enger, Ruth Krefting (1993) «Turid Balke med pågangsmot og humør: En tusenkunstner med egen Balkeby». Aftenposten Morgen, 28.05.1993, s. 38
Ho fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris for tegningene i Det begynte en fredag i Finvik.
Turid Balke var oldebarn av målaren Peder Balke.
Filmroller (utval)
1953 – Brudebuketten 1958 – Lån meg din kone 1959 – Støv på hjernen 1959 – Ugler i mosen 1961 – Sønner av Norge 1962 – Sønner av Norge kjøper bil 1963 – Stompa Selvfølgelig 1976 – Olsenbanden for full musikk 1988 – Kamilla og tyven 1989 – Kamilla og tyven II 1989 – Tidlös kärlek 1999 – Den 13. krigeren
TV-roller
1975 – Benoni og Rosa (mini-serie) 1982 – Brødrene Dal og spektralsteinene (TV-serie) 1984 – Lykkeland (mini-serie) 1989 – Marerittet (mini-serie) 1998-99 – Karl & Co (TV-serie) 1994 – Birolle som «damen i nr.14» i Mot i brøstet (TV-serie)
Barnebøker
1974: Det begynte en fredag i Finvik 1980: En modig mygg: et myggestikkstykke – oppført på Nationaltheatrets amfiscene 1971 1997: Hilsen fra Dirut
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Turid Balke» frå , den 10. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Vinnarar av kulturdepartementet sine barnebokprisar Kategori:Folk frå Sør-Varanger Kategori:Norske scenografar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske skodespelarar