Benedicte Caroline Mathilde Agerup, fødd Erbe () var ein norsk forfattar.SAKO, Brevik kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1814-1846, s. 322 Ho er òg kjend under namnet Benedicte Erbe-Agerup og pseudonymet Mathilde.
Benedicte Agerup var dotter av tollbetjent Bendix Erbe og Karen Marthine Bruun.Folketelling 1865 for 0707P Larvik prestegjeld: Bosted by: 0373 Ho vart gift den 10. februar 1868 med skipsførar Oluf Agerup i Larvik.Ministerialbok for Larvik prestegjeld 1856-1870 (0707P): Viede: 1868-02-10
Agerup gav ut fleire skjønnlitterære bøker under pseudonymet Mathilde i løpet av dei seinaste tiåra av 1800-talet. Hennar første bok var Sphinx – De originale Gaader, som vart utgjeven hos Malling i Kristiania. Hennar andre bok, Et aar af en ung Piges Liv, som kom ut i 1885, vart gjeven ut i i Sverige i 1887 som Ett år af en ung flickas lif.
Bibliografi
1878: Sphinx – De originale Gaader 1885: Et aar af en ung Piges Liv - en Fortælling 1886: I Skumring og Daggry – Skisser 1889: Mellem fremmede – Fortælling 1899: To Fortællinger
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Benedicte Agerup» frå , den 11. november 2021.
Litteratur
Dette skrev kvinner. Oslo: Skolen. 1984. s. 16. ISBN 8257900109.
Kategori:Folk frå Porsgrunn Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet Kategori:Forfattarar frå 1900-talet