Elen Birgitte Marie Bjerknes () var ein norsk forfattar.
Familie Marie Bjerknes var dotter av matematikaren og fysikaren Carl Anton Bjerknes (1825–1903) og Aletta Vilhelmine Dorothea Koren (1837–1923)."Norway Baptisms, 1634-1927," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWBP-1J5 : 10 February 2018), Elen Birgitte Karlsen, 17 Jun 1860; citing ; FHL microfilm 255,750. Ho var syster av fysikaren Vilhelm Bjerknes og vegingeniøren Ernst Bjerknes.
Liv og virke Bjerknes byrja som guvernante i Nordland, men skuffa over at det ikkje vart fullt mørkt der i vintermånadene, oppgav ho denne praksisen og reiste til Amerika. Der underviste ho i tysk, samstundes som ho omsette Edda til engelsk. Dette arbeidet kom aldri til å bli publisert.
Etter eit opphald Noreg reiste ho igjen til USA, og på reisa skreiv ho Kolerafangerne paa Normannia – Et kulturbillede fra 1892. På veg til Chicago hadde ho hamna på ein sandbanke ved New York «da en hel pestflaade samlede sig paa New Yorks havn og bragte panikk og forvirring». Boka skildrar karentenelivet i samband med kolerautbrotet på d/s «Normannia». Boka består av ei korrespondansesamling som far hennar stod for utgjevinga av som bok.
Under dette opphaldet var Marie Bjerknes vorte så sterkt sinnslidande at mor hennar reiste over Atlanterhavet for å henta henne attende til fødelandet igjen. Ho døydde hjå den tidlegare barnepassaren sin i Aurskog.
Bibliografi
1893: Kolerafangerne paa Normannia – Et kulturbillede fra 1892 – Skildret efter oplevelser paa en reise til Chicago
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marie Bjerknes» frå , den 11. november 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske forfattarar