Helena Brodtkorb () er ein norsk forfattar og skribent.

Brodtkorb er opphavleg frå Bærum. Ho har master i kulturhistorie og museologi frå Universitetet i Oslo.

Boka hennar Mammasjokket vart utgjeven på Kagge Forlag i 2014. Ho var òg redaktør for den feministiske antologien Det skjer nå som vart utgjeven på same forlag i 2018. Boka fekk terningkast fem i VG. Brodtkorb jobbar som kommunikasjonssjef i teknologi-start-upen Folio, er spaltist i Dagens Næringsliv på laurdagar, og har tidlegare skrive for fredagsmagasinet D2, magasinet Kunst og Kvinneguiden. I 2015 deltok ho i programmet Kjære Mamma på TV 2 Livsstil.

Brodtkorb er gift med musikaren Sivert Høyem, og dei har tre barn saman.

Bibliografi

Helena Brodtkorb (2014): Mammasjokket, trøst og oppmuntring for småbarnsmødre. Kagge forlag, Oslo. ISBN 9788248914938 Helena Brodtkorb (redaktør) (2018): Det skjer nå, fortellinger fra en feministisk revolusjon. Kagge forlag, Oslo. ISBN 9788248922223 Ida Jackson og Helena Brodtkorb (2020): Svartebok for deg som vil opp og frem, sakprosa, Kagge Forlag, Oslo. ISBN 9788248926030

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Helena Brodtkorb» frå , den 12. november 2021.

Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 2000-talet