Astrid Bugge () var ein norsk konservator og forfattar.
Familie Bugge var dotter av overrettssakførar Harald Romolo Cesare Schjoldager og Ragna Jørgensen. Ho vart gift med kunsthistorikar og professor Anders Ragnar Bugge (1889-1955) den 9. februar 1929.
Liv og virke Etter examen artium i 1921 tok Bugge i 1927 magistergrad i kunsthistorie, med oppgåva Bokbind og bokbindere i Noreg. Denne vart gjeven ut som bok same året under tittelen Bokbind og bokbindere i Norge inntil 1850. I åra 1924-1928 var ho volontør ved Kunstindustrimuseet i Oslo. Ho gjennomførte studiereiser til dei fleste land i Europa, blant anna i Italia i 1922-23.
I perioden 1926-1929 var ho konservator og amanuensis same stad. I 1946-1952 forelas ho i kunst og kulturhistorie ved Den Kvinnelege Industriskulen til Staten, der ho dessutan underviste i italiensk. Ho vart i 1952 konservator og i 1954 førstekonservator ved Norsk Folkemuseum.
Bugge skreiv ei lang rekkje artiklar i fagtidsskrift og dessutan i katalogane til kunstindustrimuseet og årbøker. Ho skreiv dessutan fleire bøker knytt til fagfeltet sitt. Fleire av artiklane hennar vart òg utgjevne som særtrykk.
Bibliografi
1927: Bokbind og bokbindere i Norge inntil 1850 1934: Det Knudtzonske fideikommissølv (saman med Hroar Olsen) 1950: Statens kvinnelige industriskole (i redaksjon sammen med Helen Engelstad og Valborg Kvaal) 1958: Bydamer i «Touristindedragt» (særtrykk av By og Bygd, bind 12, 1958. 1961: Touristinder og andre sportspiker 1968: Damaskveving på bondegården – dekketøy fra Gudbrandsdalen i den ekenmarkske vevemetode (utvida utgåve utgitt i 1981) 1984: Reformdrakten i Norge – trekk av en historie om kropp, klær og kvinnesak
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Astrid Bugge» frå , den 12. november 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet