Harald V av Noreg () var kongen av Noreg frå 1991 til 2026. Harald var kronprinsregent frå mai 1990, då far hans var sjuk. Den 17. januar 1991 døydde kong Olav, og Harald vart då ny konge. Han vidareførte valspråket til faren og farfaren sin, «Alt for Norge». Lik faren sin vart han signa i Nidarosdomen i Trondheim.

Kongen er øvstkommanderande for den norske hæren og var fram til 2012 den øvste leiaren for Den norske kyrkja.

Barndom Kong Harald vart fødd på Skaugum den 21. februar 1937 som son av kronprinsparet Olav og Märtha. Han har to eldre søstrer, prinsesse Ragnhild fru Lorentzen og prinsesse Astrid fru Ferner. Harald V høyrer til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.

Under Den andre verdskrigen flykta kronprinsesse Märta med dei tre barna til Sverige og sidan til USA, der dei budde i Washington, D.C. til krigen var over.

Då prinsen kom tilbake til Noreg, gjekk han på Smestad skule, der ei politivakt i gangen var det einaste som skilde han frå dei andre skulebarna.

mini|venstre|Kong Harald som kronprins (lengst til venstre) med far sin, kong Olav, under fredsprisutdelinga i 1963.

Utdanning Etter at han fekk artium gjekk prins Harald inn i militæret, først på Kavaleriets befalsskule og sidan på Krigsskulen, der han vart uteksaminert i 1959. Deretter drog han til Balliol College i Oxford der han studerte historie, samfunnsvitskap og økonomi.

Kronprins Då kong Haakon VII døydde den 21. september 1957 blei prins Harald kronprins. Han møtte til statsråd, og opptredde som regent når kong Olav var vekke, første gong i 1958.

Familie mini|venstre|upright|Dronning Sonja og Kong Harald V ved Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no prins Daniel) 18. juni 2010.

Kronprinsen gifta seg den 29. august 1968 med Sonja Haraldsen, som no er dronning Sonja. Dei to hadde kjent kvarandre i ni år, men det at ho kom frå borgarskapet og altså ikkje var adeleg vart då sett på som eit problem. Etter at kong Olav hadde rådspurd regjeringa og ulike stortingsleiarar, fekk dei to lov til å gifta seg.

Paret fekk borna Märtha Louise av Noreg og Haakon Magnus av Noreg i høvesvis 1971 og 1973.

Interesser Harald byrja å segla i ti-årsalderen og har halde denne interessa ved like sidan. I 1964 deltok han i Dei olympiske leikane i Tokyo, og i 1987 vart han og mannskapet på «Fram X» verdsmeistrar i segling for eitt-tonnarar. I 2005 tok kongen og mannskapet på «Fram XV» gull i EM i Sverige.

Kong Harald V var innehavar av ei lang rekkje ordnar, mellom anna St. Olavs Orden.

Meisterskap

Segling Meisterskap 1964 1968 1972 1974 1984 1987 1988 2005 Sommar-OL 7 11 10 Verdsmeisterskapen 20px|Sølv 20px|Sølv 20px|Gull 20px|Sølv Europameisterskapen 20px|Sølv 20px|Gull

Kronprins Harald av Noreg bar det norske flagget under opninga av Sommar-OL 1964.

Dekorasjonar Kong Harald V var innehavar av følgjande norske og utanlandske ordenar, medaljar og dekorasjonar. Oversikta er basert på Kongehuset si liste over dekorasjonar.H.M. Kongens dekorasjoner, kongehuset.no.

Norske dekorasjoner Storkors med kjede av St. Olavs Orden Storkors av Den Kongelige Norske Fortjenstorden St. Olavsmedaljen Forsvarsmedaljen med laurbærgren Kongehusets 100-årsmedalje Kong Haakon VIIs minnemedalje Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje 1905-1955 Kong Haakon VIIs 100-årsmedalje Kong Olav Vs minnemedalje Kong Olav Vs jubileumsmedalje 1957–1982 Kong Olav Vs 100-årsmedalje Forsvarsmedaljen med tre stjerner Hærens Vernedugleiksmedalje med tre stjerner Krigsdeltagerforbundets hederstegn Norges Røde Kors hederstegn Norske Reserveoffiserers Forbunds hederstegn Sjømilitære Samfunds fortjenstmedalje i gull Norges Skytterforbunds hederstegn Norges Idrettsforbunds 100-årsmedalje Norges Skytterforbunds minnemedalje i gull Oslo Militære Samfunds hederstegn i gullUtanlandske dekorasjonar Storkross av Leopoldsordenen, Belgia Storkross med kjede av Sørkrossordenen, Brasil Storkross av Stara Planina-ordenen, Bulgaria Riddar med kjede av Elefantordenen, Danmark Storkommandør av Dannebrogordenen, Danmark 1. klasse med kjede av Terra Mariana-krossens orden, Estland Storkross med kjede av Finlands kvite roses orden, Finland Storkross av Æreslegionen, Frankrike Storkross av Frelsarens orden, Hellas Det greske kongehusets 100-årsjubileumsmedalje, Hellas Storkross av Den islandske falkeordenen, Island Storkross med kjede av Republikken Italias fortenstorden, Italia Storkross med kjede av Krysantemumsordenen, Japan Storkross med kjede av Al-Hussein bin Ali-ordenen, Jordan Storkross av Jugoslavias store stjernes orden, Jugoslavia Kong Tomislavs stororden, Kroatia Storkross av Trestjerneordenen, Latvia Storkross med kjede av Vytautas den stores orden, Litauen Storkross av Den nassauske husorden av den gylne løve, Luxembourg Storkross av Adolf av Nassaus sivile og militære fortenstorden, Luxembourg Minnemedaljen for Storhertug Jean og Storhertuginne Josephine-Charlottes bryllup, Luxembourg Storkross av Den nederlandske løvas orden, NederlandStorkross av Oranje husordens kroneorden, Nederland Den gylne arkas orden, Nederland Dronning Beatrix' innsettelsesmedalje, Nederland Storkross av Den kvite ørnas orden, Polen Storkross med kjede av Santiago av sverdets orden, Portugal Storkjede av Infante Dom Henriks orden, Portugal Storkross av Avizordenen, Portugal Storkross av Stjerneordenen, Romania 1. klasse av Det kvite dobbeltkrossens orden, Slovakia Ordenen for eksepsjonelle fortenester, Slovenia Kjede av Ordenen det gylne skinn, Spania Storkorskjede av Karl IIIs orden, Spania Riddar av Hosebandsordenen, Storbritannia Det kongelige Victoriakjedet, Storbritannia Storkross av Den kongelige Victoriaordenen, Storbritannia Riddar med kjede av Serafimerordenen, Sverige Kong Gustaf Vs 90-årsmedalje, Sverige Kong Carl XVI Gustafs 50-årsmedalje, Sverige Storkross av Det gode håps orden, Sør-Afrika Storkross med kjede av Chula Chom Klao-ordenen, Thailand Storkross av 1. klasse av Forbundsrepublikken Tysklands fortenstorden, Tyskland Storkross med kjede av Republikken Ungarns fortenstorden, Ungarn Storstjerne av Æresteiknet for fortenester, Austerrike Den olympiske orden i gull

Galleri

Sjå òg Gravferda til Harald V av Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

www.kongehuset.no

Kategori:Norske regentar Kategori:Norske prinsar Kategori:Norske kronprinsar Kategori:Norske kongar Kategori:Norske monarkar Kategori:Kongelege frå Asker Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Seglarar under sommar-OL 1964 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Seglarar under sommar-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Seglarar under sommar-OL 1972 Kategori:Elefantordenen Kategori:Huset Glücksburg Kategori:Kongelege OL-deltakarar Kategori:Folk som har opna OL Kategori:Serafimerordenen