Tone Klev Furnes () er ein norsk kunsthistorikar frå Mandal.

Furnes er cand. philol. frå Universitetet i Oslo (1999). Ho skreiv hovudfagsavhandlinga si om Amaldus Nielsen (1838-1932) og hans plass i norsk kunsthistorie. Avhandlinga vart utgangspunktet for hennar første kunstnarbiografi, Amaldus Nielsen (1838-1932) Kystens maler frå 2000. Ho er då òg faglitterær forfattar (NFF), og er kjent for kunstfaglege bøker som handlar om kunstnarar som er fødde og oppvaksne i hennar eigen heimby Mandal. Blant desse er Adolph Tidemand (1814-1876), Amaldus Nielsen (1838-1932), Gustav Vigeland (1869-1943), Emanuel Vigeland (1875-1948) og Olaf Isaachsen (1835-1893). I 2013 gav ho ut ein kunstnarbiografi om Emanuel Vigeland.vg.no: «Anmeldelse: Tone Klev Furnes: «Emanuel Vigeland. Vita»» 26. juni 2013 (besøkt 14. desember 2014) For denne boka fekk Tona Klev Furnes Sørlandets litteraturpris i 2014.Lenke til side på Sørlandets litteraturpris' nettsted (Besøkt 5. desember 2014)

Tone Klev Furnes er òg utdanna spesialpedagog frå Høgskulen i Telemark. I 17 år arbeidde ho i skuleverket; som lektor og spesialpedagog og i administrative stillingar. I dag arbeider ho som seniorrådgjevar kultur i Agder og Telemark bispedømme.

Prisar og utmerkingar

Oslo kommunes Kunstsamlinger (OKK) (1998) Det faglitterære fond, NFF (2004, 2006, 2010 og 2012) Fritt Ord 2005, 2008, 2010 og 2012. Norsk-finsk Kulturfond 2009 Kunstnerforeningens Blomstipend (2012)Kunstnerforeningen.no: «Feststemt Grandmøte i Speilsalen i Thorbjørn Egners ånd» (besøkt 14. desember 2014) Mandal kommunes Kulturpris (2011)Kunstnerforeningen.no: «Tone Klev Furnes får Mandal kommunes kulturpris 2011» (besøkt 14. desember 2014) Kulturdepartementets ettårige arbeidsstipend (2012) Sørlandets litteraturpris (2014)Tegnander, Pål: «Vant Sørlandets litteraturpris 2014» på nrk.no 23. april 2014 (besøkt 14. desember 2014)

Utgjevingar

Amaldus Nielsen (1838-1932) Kystens maler, 2000. Oslo: Dreyer Forlag. ISBN 82-7694-068-4 En by – fem kunstnere, Bergen 2005. ISBN 82-419-0405-3 Olaf Isaachsen (1835-1893). Med livet som palett, Bergen 2009. Amaldus Nielsen (1838-1932. Møte med lyset. Film for skoleverket, Oslo 2007. (NFI) www.filmrommet.no Emanuel Vigeland (1875-1948). Vita. ISBN 978-82-8265-054-0 Adolph Tidemand (1814-1876) : - at fastholde, hvad endnu bestaar. Dreyers forlag 2019 ISBN 9788282654920

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tone Klev Furnes» frå , den 16. november 2021.

Bakgrunnsstoff

www.toneklevfurnes.com 5. august 2019. Tone Klev Furnes - Bibsys

Kategori:Folk frå Mandal Kategori:Norske kunsthistorikarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Vinnarar av Sørlandets litteraturpris